Forsvarssjefens kunnskapslause farvel til kvinnene


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg scrolla nedover Instagram-feeden min i går kveld sette eg Pepsi Max-en i halsen. Den avtroppande forsvarssjefen hadde uttala seg om kvifor kvinner styrkar Noregs stridsevne:

– Dei kvinnelege vernepliktige soldatane er veldig dyktige. I mange samanhengar er dei betre på såkalla multitasking enn det vi menn er, seier avtroppande forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen til NRK.

Bruun-Hanssen skal ha for forsøket og intensjonen. Han meiner det er ein suksess at Noreg frå sommaren 2016 starta innkalling av jenter til førstegongsteneste. Det har gått «over all forventing».

Kva Bruun-Hanssen hadde forventa seg veit eg ikkje, men det er godt å høyre at han ser kjønnsmangfald og likestilling som ein styrke på ein av Noregs største arbeidsplassar.

I 2019 var 29 prosent av dei vernepliktige i Forsvaret kvinner. Bruun-Hanssen meiner at det at miljøet er langt mindre mannsdominert har gjort noko med kulturen.

– Samarbeidet i avdelingane, miljøet og haldningane har blitt langt betre etter vi blanda vernepliktige kvinner og menn, seier den avtroppande forsvarssjefen til NRK.

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen vitja rekruttskulen på KNM Harald Haarfagre for å erfara korleis korona-situasjonen blir handsama, her under ein sanitetsdemonstrasjon. Foto: Emil Wenaas Larsen / Forsvaret

Er kvinner betre på «såkalla multitasking»?

Så kjem det, utsegnet som avslører at det kanskje ikkje står så godt til med haldningane til kvinnelege soldatar i Forsvaret likevel – for er det verkeleg slik at kvinner har medfødde eigenskapar som gjer oss til betre multitaskarar enn menn?

Ein studie frå 2015 publisert i PLOS One viste at 50% meinte at det var kjønnsskilnadar i våre evner til å «såkalla multitaske». 80% av dei som trudde på desse kjønnsforskjellane meiner kvinnene var betre på å handtere fleire oppgåver samstundes. Det ser altså ut til å vere ei relativt vanleg oppfatting – i alle fall for nokre år sidan.

I ein nyare tysk studie publisert i same akademiske tidsskrift har forskarar sett stereotypien på prøve og latt 48 kvinner og 48 menn bryne seg på ulike oppgåver. Dei fann ikkje noko bevis for at det var betydelege kjønnsforskjellar i evna til å gjennomføra fleire oppgåver samstundes, eller veklsa raskt mellom oppgåver.

Både kvinner og menn jobba treigare og vart mindre treffsikre når dei skulle utføre fleire oppgåver parallelt

Både kvinner og menn jobba treigare og vart mindre treffsikre når dei skulle utføre fleire oppgåver parallelt. Eg håpar difor ikkje den avtroppande forsvarssjefen meiner at kvinner sin primære styrke er at dei skal ut i felt og multitaske.

Ifølgje Science Alert er ikkje tilfellet at kvinner er betre på multitasking enn menn, tilfellet er at dei rett og slett gjer meir arbeid, fordi kvinner framleis dreg hovudlasset på heimebane. Om kvinner i Forsvaret skal kome inn til ei førestilling om at dei har eit biologisk fortrinn når det kjem til multitasking, som antageleg stammar frå skeivfordelinga som framleis finst i mange heimar, ser det ikkje lyst ut for framtida.

Seksuell trakassering i Forsvaret

Bruun-Hanssen er ifølgje NRK nøgd med at kvinnelege soldatar er blitt ein naturleg del av Forsvaret. «Det skjedde på hans vakt,» er det gode skussmålet han får med seg frå artikkelen.

Det som også skjedde på hans vakt var at forvarssjefen i 2018 vart forbanna over funna i ei omfattande undersøking om mobbing og seksuell trakassering blant tilsette og vernepliktige (MOST). Svarprosenten var på 48 prosent og av desse var 24 prosent kvinner, noko som betyr at kvinner var overrepresenterte.

NRK har utifrå tala telt seg fram til at over 160 personar (av begge kjønn) har rapportert om valdtekt eller valdteksforsøk i eller utanfor teneste i løpet av året før undersøkinga. 30 prosent av kvinnene fortel at dei har vorte fortalt støtande vitsar eller historier frå kollegaar.

Forsvarssjef mot seksuell trakassering

Bruun-Hanssen var klokkeklar på at seksuell trakassering er heilt uakseptabelt og noko dei ville jobba vidare med, slik at alle er klare over kor grensene går.

Grensene for kva lova omfattar går ved seksuell trakassering, krenking og valdtekt, men kulturen startar lenge før det. I undersøkinga svarar kvinnene jamt over oftare ja på at deira meiningar og vurderingar har vorte ignorert, at deira arbeidsoppgåver og arbeidsområde har vorte sett ned på, at dei har blitt utsett for plagsom erting eller ubehageleg fleiping, utsett for baksnakking, blitt usakleg irettesett eller latterleggjort framfor kollegaar og så bortetter.

For ordens skuld. Eg har ikkje vore i førstegongsteneste og har difor ikkje førstehandskjennskap til Forsvaret, men både MOST-undersøkinga og forsvarssjefen sin feilslåtte hyllest til kvinnelege soldatar gjer meg uroa for haldningane.

Sjef for Luftforsvaret, generalmajor Tonje Skinnarland var blant favorittane til å bli ny forsvarssjef. Her er ho med sjef for Forsvarets spesialstyrkar, generalmajor Torgeir Gråtrud framfor Bell 412. Foto: Onar Digernes Aase / Forsvaret

Kvinner er menneske

Kvinner er menneske. Det finst kvinner som er både gode og dårlege menneske og soldatar, akkurat som det finst menn som er gode og dårlege menneske og soldatar.

Det finst kvinner som er både gode og dårlege menneske og soldata

Påtroppande forsvarssjef Eirik Kristoffersen danka ut to kvinnelege kandidatar i kampen om å bli Noregs nye forsvarssjef. Under pressekonferansen løfta forsvarsminister Frank Bakke-Jensen at den nye forsvarssjefen tok initiativ til å opprette jentetroppen og dermed kvinners deltaking i spesialstyrkane.

Lat oss håpa at den nye forsvarssjefen ikkje berre tek sikte på å smykke seg med kvinner i Forsvaret, men å behandla dei som soldatar og arbeidstakarar på lik linje med menn.

Statsminister Erna Solberg sammen med Annike Ågedal (til høgre) og andre jenter frå Jegertroppen i Forsvarets spesialkommando på Rena. Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret