«Stopp rasismen mot barn på flukt!»

Eirik Toressønn Myrvold og Ivar Mekonnen Germiso Arnesen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Politidrapet på George Floyd 25. mai har inspirert antirasistiske rørsler over heile verda. Demonstrasjonen framføre Den amerikanske ambassaden 5. juni viste korleis norske aktivistar fordømmer systemisk rasisme.

Rasistiske politidrap kan virke fjernt for nokre i Noreg. Samstundes kan vi ikkje ha nokon illusjonar – rasisme er eit stort problem her også. Diverre utøver staten institusjonell rasisme med aktiv støtte i lovverket. Eit døme på dette er korleis staten handsamar barn på flukt.

Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus (t.v), AUF-nestleiar Astrid Eide Hoem og Senterungdommen-leiar Torleik Velle oppmodar regjeringa til å evakuere barnefamiliar frå Moria. Alle foto i kollasj frå Instagram

Praksisen strir med FNs barnekonvensjon

Alle norske barn som ikkje får dekt omsorgsbehovet sitt av foreldra sine skal bli tekne vare på av barnevernet. Alltid. I alle saker der samfunnet tek ei avgjerd som påverkar eit norsk barn skal barnets beste vere det grunnleggjande omsynet. Alltid.

Det viser seg derimot at barnets beste ikkje veg tyngst når barnet er ein einsam mindreårig asylsøkjar mellom 15 og 18 år.

Barnevernet har ansvaret for omsorga til utsette norske barn til dei fyller 18. Diverre er det Utlendingsdirektoratet (UDI), ikkje barnevernet, som har omsorgsansvaret for einsame barn på flukt mellom 15 og 18.

Barn over 15 år på flukt får dermed eit dårlegare omsorgstilbod

Medan barna under 15 blir teke vare på av barnevernet i omsorgssenter og i fosterheim blir barna over 15 plasserte i bufelleskap eller på eigen hybel etter opphald på mottak.

Barn over 15 år på flukt får dermed eit dårlegare omsorgstilbod, i tillegg til mykje svakare rettssikkerheit enn dei under 15, og dermed også eit mykje dårlegare tilbod enn norske barn. Dette strir med FNs barnekonvensjon.

Samstundes får langt frå alle som treng det oppfølging av psykolog. Dette bygger på ein fagleg kontroversiell grunn om at traume ikkje kan bli bearbeidde medan barna bur på mottak. En stor del av desse barna har – ikkje overraskande – psykiske problem, og dei bør difor i det minste ha tilbod om psykologhjelp på lik linje med norske barn.

Lovverket er rasistisk

Barn som kjem til Noreg på flukt blir handsama verre enn det vi aksepterer for norske barn. Dette er eit konkret døme på institusjonell rasisme i det norske systemet.

Det er rasisme at lovverket fortel oss at vi skal handsame barn ulikt, når den einaste skilnaden mellom barna er kvar i verda dei kjem frå. Vi meiner ikkje at dei som lagde dette lovverket hadde rasistiske intensjonar. Diverre er det likevel sånn at måten vi vel å sjå bort frå barnekonvensjonen for nokre barn, men ikkje for andre, er ein rasistisk praksis.

Barn som kjem til Noreg på flukt blir handsama verre enn det vi aksepterer for norske barn.

Dette kan vi heldigvis enkelt endre. Bufdir og barnevernet bør få ansvaret for alle einsame barn som kjem til Noreg, slik at dei faktisk blir handsama som barn, slik FN anbefaler. Å overføre omsorga til barnevernet vil også gjere det enklare å tilby handsaming av traume og psykologhjelp.

I kampen mot rasismen skal i alle fall ikkje staten ha rasistiske handlingar. Lat oss handsame barn som barn uansett kvar dei kjem frå.

Foto: Ida Johanne Aadland