Språkrådet meiner den nye opplæringslova gir nynorskelevar dårlege læringsvilkår

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkrådet er kritiske til om den nye opplæringslova godt nok vil sikre at elevane får digitale læremiddel og digital infrastruktur på eige hovudmål.

Wetås åtvarar: – Eksterne aktørar får styre språkbruken

– Læremiddeldefinisjonen er forma ut slik at appar og andre digitale læringsressursar som blir brukte i dagens digitale skulekvardag, stort sett fell utanfor lovverket. Vi meiner lova må innehalde ein oppdatert læremiddeldefinisjon som sikrar at elevane får ein reell rett til læremiddel og læringsressursar på hovudmålet sitt. Alternativet er eit framhald av dagens situasjon der eksterne aktørar får styre språkbruken i skulen, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet i ei pressemelding.

I dag er det kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for at elevane får dei læremidla dei har krav på. Lokalt ansvar og lita kjøpekraft gjer at Språkrådet trur det kan bli vanskeleg å få gjennomslag hjå dei store leverandørane.

Digital infrastruktur på nynorsk

Dei meiner at forskriftene til den nye lova må legge til rette for sentrale ordningar som sikrar at kommunane og fylkeskommunane etterlever krava i lova, og at elevane sin rett til læremiddel på eiga målform blir oppfylt.

– I dag har nynorskelevar pc-ar og nettbrett utan tilgjengelege operativsystem på nynorsk. I skriveprogramma dei bruker, ligg det ikkje føre nynorsk ordliste og stavekontroll. Skal nynorskelevane ta del i den digitale opplæringa på lik linje med bokmålselevane, må òg den digitale infrastrukturen vere på nynorsk, seier Wetås.

Andrea Hebnes Tobekk fekk Rogaland Mållags Målpris 2019. Foto: Privat