Guten som kappåt med feite amerikanarar – og kva me kan læra av han


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Han ser ikkje akkurat ut som nokon stor-etar. Men då 23 år gamle Takeru Kobayashi frå Kyoto tok vegen til New York for å delta på Nathan’s Hot Dog Eating Contest, sjokkerte han både utøvarar og tilskodarar. Ikkje berre vann han konkurransen; han sette soleklar verdsrekord på første forsøk.

Den tidlegare rekord-etaren togg i seg 28 pølser i brød på 12 minutt. Kobayashi fekk ned 50.

Korleis klarte han det? Ifølgje journalisten Matthew Syed, som skriv om Kobayashi i boka Black Box Thinking, låg det eit systematisk arbeid bak.

Takeru Kobayashi frå Japan slo sin eigen rekord etter å ha ete 53 1/2 pølser på 12 minutt i Nathan’s Famous Fourth of July International Hot Dog Eating contest i 2004 i New York. Foto: AP Photo/Mary Altaffer

I staden for å berre øva på å eta pølser fortast mogleg, eller å utvikla ein teori om den ideelle framgangsmåten, braut han oppgåva ned i ei rekkje ulike bestanddelar – og trena på å perfeksjonera kvar enkelt del gjennom prøving og feiling.

Slik fann han til dømes ut at han vann tid ved å eta pølser og brød kvar for seg, og å dyppa brøda i vatn, helst tilsett litt matolje. «Mange bekker små bli ei stor å», og på same måten gav mange små framsteg til saman store resultat for den unge japanaren.

Dei færraste av oss har tenkt å ta opp konkurransen med Kobayashi innan pølse-eting. Men metoden han støtta seg på, kan overførast til mange område av livet.

Ta for eksempel for kampen mot rasisme.

Pølser og antirasistisk politikk

Millionar av menneske verda over har demonstrert og markert støtte til denne kampen, etter at politiet i USA drap George Floyd under ein arrestasjon i slutten av mai. Målet deira er rimelegvis ei verd der alle liv betyr like mykje, uavhengig av hudfarge eller bakgrunn.

Men dette målet er for stort og diffust til at du kan nå det i eit handslag. Den einaste måten å nå det på, er gjennom mange små framsteg på ulike, meir spesifikke område.

Kampen mot vald og diskriminering frå politiet har særleg fått mykje merksemd. Men det finst ulike syn blant aktivistar om korleis ein kan få dette til. Her kan læring gjennom prøving og feiling vera naudsynt for å finna farbare vegar framover.

Ein metode som har vist seg ikkje å fungera, er det som blir kalla «implicit bias training»: kurs som skal læra politifolk å kjenna igjen og motverka umedvitne fordommar og persepsjonsmønster som fører til uønskt diskriminering. Tanken er god; problemet er berre at slike kurs ikkje viser seg å gi dei ønskte effektane i praksis. Avstanden mellom teoretisk lærdom og praktisk røyndom er for stor.

Gode tankar og intensjonar er likevel ikkje nok for å oppnå gode resultat

Når det likevel blir brukt i stor skala, er det truleg fordi politi og styresmakter ikkje er flinke nok til å sjå når eit tiltak er mislykka og læra av det.

Det finst mange andre forslag for å betra på forholdet mellom underprivilegerte folk og politi, frå styrking av grunnutdanninga til endring av organiseringa til forbod mot visse valdelege metodar. Gode tankar og intensjonar er likevel ikkje nok for å oppnå gode resultat. For å finna ut kva som fungerer best må ein prøva, måla, og vera villig til å justera kurs etter kvart som resultata kjem inn. Og det gjeld sjølvsagt like mykje for skulevesen, helsevesen og alle andre område der endringar trengst for å skapa eit meir likeverdig samfunn.

Nokon meiner at gradvise framsteg ikkje er nok, og at ein heller må riva ned dagens institusjonar for å byggja opp noko anna i staden. Men det er ein risikabel strategi. For det første veit du ikkje kva du har før du har mista det, og ved ei total omvelting risikerer du å kasta barnet ut med badevatnet.

For det andre: Det nye du byggjer opp, kjem heller ikkje til å fungera perfekt etter planen, fordi verda og menneska er uperfekte. Kva gjer du når det feilar? Tar du sjansen på endå ein revolusjon? Viss ikkje, står du igjen att med det same alternativet: gradvise framsteg gjennom prøving og feiling.

Sjefsepidemiolog Anders Tegnell under ei av mange pressekonferansar under korona-pandemien – her utanfor Karolinska i Stockholm. Foto: Frankie Fouganthin, CC BY-SA 4.0-lisens

Koronakomplikasjonar

La oss gå over til eit anna område, der Kobayashi-metoden har vist seg vanskelegare å nytta: kampen mot koronaviruset.

Den ideelle strategien her ville vore å prøva ut eitt og eitt tiltak gjennom kontrollerte eksperiment, og så skalert opp dei tiltaka som viste seg å fungera best. Problemet var sjølvsagt at det ikkje fanst tid til noko slikt.

Viruset var nytt og spreidde seg raskt, og i den kaotiske situasjonen valte mange land å løysa det ved å trykka på alle knappane dei rådde over. Sjølv om dei visste at dei ikkje visste om alle tiltaka verka, var det betre å gjera litt for mykje enn litt for lite.

Sverige har i dag om lag tjue gonger så mange korona-dødsfall som Noreg. Mange har raskt konkludert med at det er fordi dei ikkje valde å stenga blant anna skulane i midten av mars, slik blant andre Noreg og Danmark gjorde.

Sanninga er strengt tatt at ingen har eksperimentert

Men er det så sikkert? Korleis forklarer ein i så fall at Belgia, som stengte skulane same dag som Noreg, likevel har nesten dobbelt så mange dødsfall som Sverige med liknande folketal?

Det har blitt sagt at Sverige eksperimenterte med sin koronastrategi; svenskane svarte at det var Noreg som eksperimenterte. Men sanninga er strengt tatt at ingen har eksperimentert, fordi ingen av «eksperimenta» har vore kontrollerte. Skal ein kunna læra gjennom prøving og feiling, må ein helst vita kva slags tiltak som fører til kva effekt.

Nettopp fordi situasjonen var uoversiktleg, og alle land trykte på mange knappar samstundes, er det også vanskeleg å vita nøyaktig kva som har gjort at nokon land har lykkast betre i møte med pandemien enn andre.

Det gir grunn til å ikkje vera altfor skråsikker og dømande no. Fasiten får me ikkje før historiebøkene ein gong skal skrivast, om nokon gong.

Les også: Høie sin tale til ungdomen: – Neste sommar finst ikkje når du er ung

Aristoteles i midten (med blå kappe) gåande saman med Platon i freska «Skulen i Athen» av Rafael. Foto: Wikipedia

Jakta på det gode livet

La oss ta eit siste område der Kobayashi-metoden kan koma til nytte: den store oppgåva me alle står overfor om å leva eit godt liv.

Ifølgje Aristoteles, som skreiv innsiktsfullt om emnet for eit par tusen år sidan, søker alle ting og alle handlingar og avgjerder mot «det gode». Klok som han var, forklarte han at mennesket ikkje kan søka dette store målet utan å bryta det ned i mindre bestanddelar; det Aristoteles kallar dygder.

Dygder er kort sagt karaktertrekk, slik som mot, venlegheit, sannferdigheit og klokskap. Dygdene dannar ein «gyllen mellomveg» mellom to grøfter; å vera modig er til dømes å verken vera feig eller dumdristig.

Lytt og lær, prøv og feil, bli litt og litt betre. Slik byggjer du over tid eit godt liv

Korleis kan ein læra å treffa den gylne mellomvegen og bli dygdig, ifølgje Aristoteles? Ved å øva, og ved å følgja føredømet til andre som er dygdige. For å bli modig må du lytta til folk som har erfaring og ekspertise på mot; og så må du gjera modige handlingar. Lytt og lær, prøv og feil, bli litt og litt betre. Slik byggjer du over tid eit godt liv.

På 1800-talet utvikla John Stuart Mill denne tankegangen vidare. Han meinte at «det gode» ikkje nødvendigvis er det same for alle; det er heller ikkje noko som er gitt ein gong for alle. For at framsteg skal vera mogleg, må folk difor ha fridom til å utføra ulike «livseksperiment».

Nokon kan prøva ut eit stille, filosofisk liv, som Aristoteles; andre kan dedikera seg til å kjempa mot rasisme, stilla til val som politikar (slik Mill gjorde) eller tevla om å bli verdas raskaste pølse-etar.

Det ligg i saka sin natur at ikkje alle eksperimenta vil lykkast (i den grad dei i det heile tatt kan målast). Men mislykka eksperiment er ikkje av den grunn bortkasta; dei kan læra oss mykje om kva som er meir og mindre fruktbare framgangsmåtar. Både samfunnet og den enkelte tener ifølgje Mill på det finst rom for eit mangfald av ulike livseksperiment, nettopp fordi det gir oss fleire moglegheiter til å læra.

Pølsemeisteren Takeru Kobayashi kan sjølv stå som eit godt døme. Han har kanskje dedikert seg til ei nokså nyttelaus nisje i livet. Men måten han har gått fram på kan likevel gi oss inspirasjon, uansett kva slags andre og verdigare mål me set oss føre.

Jordkloden er låst, men koronavirus svevande rundt.

Illustrasjon: Colourbox