6 ting eg har lært av rasismeoppgjeret

Inger Helgestad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kronikkforfattar Inger Helgestad. Foto: Privat

Drapet på George Floyd vekkja sinnet hjå ei heil verd i slutten av mai, og har i etterkant ført til store demonstrasjonar, og menneske i fleire land har teke til orde for eit etterlengta oppgjer med rasismen. Som kvit kvinne har eg i denne tida forsøkt å setje meg sjølv til side, og ta inn og lære mest mogleg av historiene og kunnskapen som blir delt rundt meg. Sjølv om eg på langt nær er utlært, håpar eg i denne vesle teksten å få vidareformidla noko av det eg har lært så langt – og kanskje inspirere deg som les til å tenkje på nye måtar og sjølv oppsøke kunnskap.

1. Sett deg ned, hald kjeft og lytt

Det aller første eg har lært er at ein av og til må setje seg ned, halde kjeft og lytte. For å få til dette må du også innsjå at andre har historier som er verdt og viktige å lytte til, sjølv om det ikkje er opplevingar du personleg kan relatere til. Di verkelegheit er ikkje sanninga. Og dette er på mange måtar første steg for å kunne skape endring.

Les også: «Kvitheit gjer deg ikkje halvt Gud! Så lytt når melaninrike snakkar til deg!»

2. Sjå etter mangfald på ein meir granskande måte, på fleire område i livet

Dette inneber at eg har teke ein ny kikk på bokhylla mi, på det eg ser på TV, på kven eg følgjer på sosiale media, og på bøkene og leikene eg gir til sonen min. Kven har skrive bøkene eg les? Kva perspektiv gir dei meg, og kva perspektiv gir dei meg ikkje? Eg oppmodar også deg til å ta ein kikk på kva du omgir deg med, og på om det verkeleg representerer det mangfaldet som du trudde det gjorde, eller som du ønsker at det skal gjere.

3. Gå i deg sjølv og bli bevisst eigne fordommar

Og før du no tenkjer at dette ikkje gjeld deg, så vil eg tørre å påstå at det gjer det. Sjølv om du er antirasist og har teke eit tydeleg standpunkt mot rasisme, så har du etter alt å dømme fordommar som er ubevisste og som du ikkje er klar over – men som er med på å forme og styre deg og dine val. Å nekte for at du har slike fordommar er kontraproduktivt og høgst sannsynleg feilaktig.

Å tenkje at det å vere antirasist er synonymt med å vere fri for fordommar er øydeleggande, fordi det hindrar deg i å ta tak i dei – og det er kanskje noko av det viktigaste eg sjølv har innsett. Som antirasist har du forplikta deg til å kjempe mot rasisme – det inkluderer både kampen mot den strukturelle rasismen, og kampen inne i deg sjølv.

Røde Kors seier det så fint: «Rasisme blir jo ikkje borte berre fordi eg ikkje liker det, eller fordi eg seier høgt at eg ikkje er rasist. Det blir berre borte om du og eg tar ansvar for å kome til botns i våre eigne haldningar og handlingar. »

Og dette ansvaret må me alle ta.

4. Kvite må sjå dette som eit problem der kvite må vere ein aktiv del av løysinga

For å skape endring i retning av eit rasismefritt samfunn, må kvite innsjå sitt ansvar for å ta del i løysinga. Svarte kan rope høgt, seie frå om urettferd og med rette krevje endring, men dei kan ikkje ta ansvar for våre fordommar, haldningar og handlingar. Det er kvite som må ta ansvar for dette. Du må ikkje fråskrive deg ansvaret ved å tenkje at det ikkje er din kamp å kjempe, fordi rasisme ikkje angår deg personleg.

5. Ver varsam med med å trekke konklusjonar

Dersom ein tek ein kikk i kommentarfelt (som jo ofte er eit steg inn i mørket), så har eg undra meg over kor raske folk er til å trekke konklusjonar – så fort det er til deira eigen fordel. Med det same nokon har uttala at dei sjølve ikkje har opplevd rasisme, så kan nokre i kommentarfeltet ikkje konkludere fort nok med at det er fordi rasisme ikkje finst. Dette er i seg sjølv underleg, men endå merkelegare er det at det same ikkje gjeld for motsette situasjon.

Dersom nokon fortel at dei har opplevd rasisme, så er personane i kommentarfeltet ikkje like raske med å konkludere med at det må innebere at rasisme faktisk finst. For det må jo vere ei anna forklaring. Dersom rasisme finst, så blir det ubehageleg. Det krev noko av oss for å fjerne det. Den første konklusjonen er meir komfortabel fordi me slepp å ta ansvar. Så då går me for den. Eller?

6. Hugs at du kjem til å tråkke feil

Du kjem sannsynlegvis til å tråkke feil. Det gjer nok eg også. Kanskje har eg allereie gjort det. Dersom nokon påpeikar dette til deg – prøv å lytte. Ikkje ver sta og uinteressert, men høyr etter og prøv å forstå. Det er slik me skapar endring.

Ikkje bli passiv

Heil til slutt vil eg også seie: ikkje la dette vere eit forbigåande engasjement, som tek slutt så fort sosiale medie-kanalane dine igjen blir fylte av bilete frå badestrender og pils i park. Det hjelper ikkje å vere engasjert berre når det er “kult”. Hald fram med å bruke stemma di og med å lytte til andre stemmer – så kan me skape framgang saman.

Les også: Norsk kvardagsrasisme: «Hald kjeft, jævla negerungar!»