Regjeringa vil lysa ut 136 nye oljeblokker i 25. konsesjonsrunde. Det får Natur og Ungdom til å sjå svart.
mm

– Sjølv om det ikkje er første gongen, er det framleis sjokkerande kor villig regjeringa er til å setje miljøfaglege råd til side, for å bore etter olje i sårbare havområde, seier Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie i ei pressemelding.

Ni område, 136 blokker

Olje- og energidepartementet har sendt ut eit forslag til 25. konsesjonsrunde der dei lyser ut ni leiteområde.

Dei ni områda består av 136 blokker, der 11 ligg i Norskehavet og 125 i Barentshavet.

I ei pressemelding seier olje- og energiminister Tina Bru at jamleg tilgang på nytt leiteareal er avgjerande for å oppretthalda aktiviteten på norsk sokkel.

– Dei siste månadane har vore særs utfordrande, også for oljeselskapa og leverandørindustrien. Det er viktig å ikkje mista dei meir langsiktige moglegheitene av syne i ein krisesituasjon. Vi treng nye funn for å halde oppe sysselsetting og verdiskaping framover, seier Bru i pressemeldinga.

Natur og Ungdom: – Utslepp vi ikkje har råd til

Regjeringa er slett ikkje på bølgjelengd med Natur og Ungdom, som reagerer særleg på oljelisensane som er gitt i iskantsona, som vert rekna som eit særleg verdifullt og sårbart område.

Woie meiner avgjerda er kunnskapslaus og at politikarane må tilbake på skulebenken.

– Nyleg har miljøministeren skrytt av at Noreg kuttar utslepp, som i realiteten utgjer ei flis samanlikna med utsleppa og naturinngrepet ved oljeboring langt nord i Barentshavet. Utsleppa frå norskprodusert olje og gass er ti gongar større enn alle andre norske utslepp – dette er utslepp vi ikkje har råd til i klimabudsjettet lenger, avsluttar Woie.

Oppdatert: onsdag 24. juni 2020 15.40
ANNONSE