Valdeltakinga blant unge auka ved valet i år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valdeltakinga ved kommunestyre- og fylkestingsvalet var 65 prosent ved valet i 2019. Det er opp frå 60 prosent ved lokalvalet i 2015, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Fleire kvinner (67 prosent) enn menn (62 prosent) stemte i år, men valdeltakinga har auka for begge kjønn sidan 2015.

Til liks med førre lokalval og dei to tidlegare stortingsvala er valdeltakinga høgast blant dei mellom 67 og 79 år. Ved valet i år stemte 79 prosent av dei som er i denne aldersgruppa.

Les også: Låg valdeltaking blant unge vaksne. 815.000 av 3.765.000 nordmenn med røysterett stemde ikkje ved førre stortingsval. Valdeltakinga er lågast blant unge vaksne, ifølgje SSB.

Stemte du ved lokalvalet i år?

Stemte du ved lokalvalet i år?

Ja10
Nei3
Svar totalt: 13

Fleire unge stemmer

Lågast var valdeltakinga blant 20-24-åringane, noko som også har vore tilfelle ved dei siste tre vala. Det er likevel langt fleire unge som stemte ved valet i 2019 enn ved førre lokalval. Blant førstegongsveljarane, altså aldersgruppa 18–21 år, auka deltakinga frå 43 prosent i 2015 til 53 prosent i 2019.

Også i aldersgruppene 22–25 år og 26–29 år er det ein auke på 10 prosentpoeng i kvar av gruppene, til høvesvis 47 og 51 prosents deltaking.

Utdanningsnivå

Den generelle trenden er at valdeltakinga er relativt høg for 18-åringar, før den fell fram til midten av 20-åra. Deretter stig deltakinga jamt og trutt. Etter fylte 80 år fell deltakinga betydeleg igjen.

Utdanningsnivå har òg ei tyding for valdeltakinga. 80 prosent av dei med ei høgare grad frå universitet eller høgskule, stemte ved valet i haust, medan 50 prosent av dei med grunnskuleutdanning nytta seg av stemmeretten.

Stemmene er telt opp og valresultatet er klart. Dette meiner ungdomspartileiarane om lokalvalet.