Lågaste utslepp i Noreg på 27 år

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utsleppa i 2019 var på dermed på 50,3 millionar tonn. Dette er dei lågaste utsleppa Noreg har hatt sidan 1993.

– Utsleppa i Noreg har no gått ned fire år på rad. Dette er svært oppmuntrande tal og viser at klimapolitikken til regjeringa verkar. Me har sett oss ambisiøse mål, og dei skal me arbeida hardt for å nå, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.

Lågare utslepp frå industri og energiforsyning

SSB melde tidlegare denne månaden at førebelse utsleppstal for 2019 viste ein nedgang frå 2018 på om lag 2 prosent. Dei har no korrigert talet til ein nedgang på 3,4 prosent etter at dei har kome fram til at dei tidlegare utsleppstala for «industri og bergverk» og «energiforsyning» var for høge.

– Me ser at klimapolitikken verkar. I transportnæringa søkk utsleppa fordi folk kjøper bilar som går på straum i staden for bensin og diesel, dei syklar, går og vel kollektivtransport til jobb. Regjeringa vil styrka arbeidet med å få ned klimagassutsleppa. Gjennom året legg regjeringa fram klimaplanen sin som skal visa korleis me skal oppnå klimamåla me har sett oss for 2030, seier Sveinung Rotevatn.

Ursula von der Leyen

President for Europakommisjonen Ursula von der Leyen presenterte forslaget til gjenreisingsfond i Europaparlamentet i Brussel 27. mai. Foto: Etienne Ansotte, EC Audiovisual Service