Grønt lys til gruva i Førdefjorden – varslar aksjonar

I dag, onsdag, fekk Nordic Mining driftskonsesjon til det omstridde gruveprosjektet sitt på Engebøfjellet med dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette gruveprosjektet er eit stort bomskot i Noregs industriutvikling. Det er ekstremt gammaldags å dumpa avfallet sitt på sjøen, og slike løyve høyrer ikkje heime i 2020. Industriarbeidsplassane i framtida kan ikkje vera i kollisjonskurs med villaksbestander og raudlista fiskeartar, seier Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

No forventar Natur og Ungdom at næringsminister Iselin Nybø ryddar opp.

– Venstre i regjeringa kan ikkje stilla seg bak gammaldagse prosjekt med enorm unødvendig forureining. Me kjem til å levera klaga på dette driftsløyvet, og då får Iselin høve til å bli næringsministeren som reddar den verdifulle Førdefjorden frå 250 millionar tonn avfall, seier Woie.

– Ulovleg

Driftsløyvet er det siste Nordic Mining treng frå staten for å kunna setja i gang anleggsarbeidet. Natur og Ungdom reagerer sterkt på at driftsløyve vart tildelt sjølv om Natur og Ungdom har levert eit krav om omgjering av utsleppsløyvet til prosjektet, der ungdommane påstår at prosjektet er ulovleg.

Therese Hugstmyr Woie er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

– Dette gruveprosjektet er ikkje berre eit svik mot framtida, det er òg ulovleg. Forureining er ulovleg heilt til det blir lagt fram grunnlag for at det er heilt nødvendig. Det har advokatfirmaet Glittertind greidd ut for oss, og no ligg dette på bordet til regjeringa. Me har ikkje fått ei forklaring frå Nordic Mining på kvifor dei ikkje kan unngå å dumpa avfallet på fjorden, og me har ikkje fått noko svar frå regjeringa på kravet vårt om omgjering, seier Woie.

LES OGSÅ: NU-leiaren søker jobb i Nordic Mining

– I strid med Grunnlova

Miljøpolitisk ansvarleg i Raud Ungdom, Sondre Østensen-Landvik seier at driftskonsesjonen er dårlege nyhende for miljøet.

– Det er eit klart brot på miljøparagrafen i Grunnlova, og øydelegg naturmangfaldet i fjorden. Staten kan ikkje bryta eigne reglar, seier han på telefon til Framtida.no.

Østensen-Landvik meiner dette viser at staten prioriterer profitt framfor folk.

LES OGSÅ: 40 Førdefjorden-aksjonistar nektar skuld i retten – slik forsvarer dei seg

Sondre Østensen-Landvik er miljøpolitisk ansvarleg i Raud Ungdom, og kritisk til driftkonsesjonen for gruva i Førdefjorden. Foto: Privat

Ventar store aksjonar

I 2016 aksjonerte Natur og Ungdom og fleire ungdomsparti sivilt ulydig mot prøveboringa i Engebøfjellet. Meir enn 80 aksjonistar stoppa arbeidet i rundt tre veker.

Noreg er eitt av berre fem land som driv med dumping av gruveavfall i sjø. Av dei er Noreg det einaste landet som startar nye slike prosjekt.
Raud Ungdom er mellom ungdomspartia som har stilt seg mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

I morgon blir det demonstrasjon på framfor Stortinget.

– Me er villige til å gå så langt som me må for å vinna – også om det inneber sivil ulydigheit, seier Sondre Østensen-Landvik.

– Eg håpar på at det blir større aksjonar enn nokon gong. Me kjem ikkje til å gi oss. Me har mykje støtte frå folk i Sunnfjord og omegn, og særleg Vevring, som blir hardast råka, seier han.

LES OGSÅ: Måtte betala nær 900.000 kroner i bøter for aksjonar

Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær blir bore vekk av politiet. Foto: Natur og Ungdom

Fakta: Strid om fjorddeponi i Førdefjorden

  • Nordic Mining starta prosjektet med gruva i Engebøfjellet ved Vevring i Sunnfjord for snart 17 år sidan.
  • Selskapet har tidlegare fått løyve til å deponera 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden. Det har skapt store protestar blant miljøaktivistane.
  • Tidlegare i år slo selskapet fast at kombinasjonen av rutil og granat vil gi ein lønsam og robust økonomi.