40 Førdefjorden-aksjonistar nektar skuld i retten – slik forsvarer dei seg

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I februar 2016 aksjonerte over hundre menneske sivilt ulydig i protest mot at gruveselskapet Nordic Mining fekk løyve til å opprette eit sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden. Natur og Ungdom har kalla det den største forureiningsskandalen i vår tid.

Mange av aksjonistane lenka seg fast for å hindra anleggsarbeid på Engebøfjellet i Naustdal kommune, der Nordic Mining skal utvinna mineralet ruptil. Over 40 av aksjonistane har nekta å vedta bota dei fekk, og i desse dagar møter dei i Fjordane tingrett.

I ein ny film som blir hyppig delt i sosiale medium i dag, forklarer fleire av aksjonistane kvifor dei meiner dei er uskuldige.

Naudrett

– Eg meiner eg handla i naudrett, og at det derimot er regjeringa som bryt norsk lov, seier ein av dei tiltalte i filmen, som du kan sjå i toppen av denne saka.

Naudrett er ei handling som blir gjord for å redde person eller gods frå ein fare som elles er uunngåeleg (Allkunne). Aksjonistane meiner såleis dei ikkje kan straffast sjølv om dei erkjenner at dei gjorde det dei er tiltalde for.

Klima- og miljødepartementet gav utsleppsløyve til gruveselskapet trass i åtvaringar frå Miljødirektoratet, som meinte at deponiet kunne få vesentleg negativ effekt for livet i fjorden.

Peikar på grunnlova

Aksjonistane, mange av dei med bakgrunn frå Natur og Ungdom, meiner løyvet til deponering av inntil 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden er i strid med «miljøparagrafen» i grunnlova – § 112:

«Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter … Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.»

– Kva er lovbrotet? Å lenke seg fast, eller å øydelegge for fjorden, fisken, folket og framtida?, spør ein annan aksjonist i filmen, som så langt er sett over 5.000 gonger og delt av 150.

Les meir om Førdefjorden-saka her!