Hets og trakassering er ALDRI greit


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Demonstrasjonen starta fredeleg og sakleg med gode diskusjonar, slagord og plakatar.

Men so snart statsråden ankom Østensjø Rederi tok det ei heilt anna vending. Ei gruppe av demonstrantar storma mot bilen til statsråden (sjølv om det var planlagt at me skulle stå på rekkje langs kaien) medan dei ropte forferdelege ting til ho. Nokre av demonstrantane var so pågåande at vaktane til statsråden måtte skubba dei vekk. Dette gjorde at dei same demonstrantane vart endå meir sinte og fortvila.

Eg stod ved inngangen til Østensjø Rederi då statråden gjekk inn døra. Eg såg kor redd ho var, og eg kjende meg att. Eg kjende at eg blei fysisk dårleg. Dette var ikkje greitt.

Eg veit sjølv korleis det er å vera redd i politikken

Eg veit sjølv korleis det er å vera redd i politikken. Eg har blitt spytta på, kalla heilt forferdelege ting, fått trugselbrev i posten, og trugslar på nett. Eg ser for meg at det eg opplever berre er ein liten brøkdel av det Tina Bru kjenner på kroppen.

I går sa eg i frå. Eg sa i frå at eg meinte at dette ikkje var bra, og at eg kjende på eit enormt ubehag av å vera på demonstrasjonen ETTER at det tok den vendinga det gjorde. Men då var det for seint. Skaden var allereie skjedd.

Eg kjende på eit enormt ubehag av å vera på demonstrasjonen ETTER at det tok den vendinga det gjorde

Slik som statsråden skriv på si Facebook-side so gjeld ikkje dette alle demonstrantane verken i Haugesund eller andre plassar. Det er ei viktig presisering. Dette problemet ligg ikkje berre hjå vindkraftmotstandarane. Hat og trakassering finn ein diverre i alle delar av samfunnet.

Eg kjem ikkje til å slutta å gå på demonstrasjonar mot vindkraft etter denne hendinga. Eg kjem til å halda fram med aksjonismen, og eg kjem til å halda fram med å seia i frå dersom denne slags oppførsel skjer igjen. Det er slik me får seriøse og kraftfulle demonstrasjonar.

Til slutt vil eg seia takk til deg Tina Bru for at du deler historia di. Det trengst om me skal få bukt med den slags oppførsel. Sjølv om eg er veldig ueinige med deg i mykje, so tykkjer eg at du er utruleg dyktig og sterk.

Innlegget blei først delt på Facebook av Anna Sofie Ekeland Valvatne, og er publisert med venleg løyve.

havvind

Havvindmøller under montering på Stord, rett utfor Noregs største plattformverft, Kværner Stord. Foto: Svein Olav Langåker