Éin halv milliard kvinner manglar tilgang på produkta dei treng

Lene Elisabeth Eide, grunnleggjar av CleanCup
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Torsdag 28. mai er den internasjonale menshygienedagen; Menstrual Hygiene Day.

Til ei kvar tid er det om lag 300 millionar jenter og kvinner som menstruerer. Dette burde bety at mensen er aktuelt på dagsordenen til ei kvar tid, men diverre er det ikkje slik.

Avgjerande for jenter si helse

Å ha tilgang til å handtere menstruasjonen sin på ein trygg og verdig måte, kan vere avgjerande for jenter si helse, tilgang på utdanning og for likestilling i samfunnet. Før pandemien var det allereie éin halv milliard kvinner i verda som mangla tilgang på produkt dei treng for å handtere menstruasjonen sin.

Éin halv milliard menneske. Det er fleire enn befolkninga til USA og Russland samanlagt. Om vi legg til folketalet til alle dei nordiske landa også, så er vi nesten der.

Omfanget er enormt, og koronaviruset gjer situasjonen verre

Omfanget er enormt, og koronaviruset gjer situasjonen verre. I mange land har nesten alt stoppa opp som følgje av den globale pandemien, og akkurat no manglar endå fleire tilgang på grunnleggande sanitærprodukt.

Stengde butikkar og skular

Korona har gjort situasjonen vanskelegare av fleire grunnar. Butikkar er stengd eller utseld. Prisane er for høge. Mange stader er skular stengd, og skulane er både mange jenter si primære kjelde til informasjon om menstruasjon og staden dei kan få gratis menstruasjonsprodukt.

Dei som har det verst, får det verre. Dei som manglar tilgang på produkt som bind, tampongar eller menskopp, vert avgrensa frå å delta i kvardagsaktivitetar som skule og jobb.

Dei som har det verst, får det verre

Enkelte er tvunge til å ty til improviserte alternativ som tørre bananblad, sokkar, filler eller andre tekstilar eller andre løysningar som inneber ein infeksjonsrisiko.

I mange land står alt på pause, men det gjer ikkje mensen. Difor er det ekstra viktig at vi markerer den internasjonale menshygienedagen i år.

Les også: Bodøstudenten Lindah (25) skaffar bind til fengsla kvinner: – Ein menneskerett

– Det er viktig å gjenopprette verdigheit, påpeikar Lindah Chido Matsapa, som håpar å også bryte tabuet kring menstruasjon i Zimbabwe.  Foto: Privat/Ingvild Eide Leirfall