Ina Libak tek ikkje attval som AUF-leiar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dag har eg sagt frå til valnemnda om at eg ikkje ønskjer attval som leiar i AUF, skriv Ina Rangønes Libak på sin Facebook-profil.

Etter to år gjev 30-åringen seg no som leiar for Noregs største ungdomsparti.

– Det finnast inga større ære enn å få leia denne organisasjonen vi alle er så glad i, og som aktivistar over heile landet gjev alt for kvar einaste dag, skriv ho vidare i innlegget.

Misnøgd med Ap sin miljøpolitikk

Denne veka var Libak ute i Dagbladet og varsla eit generasjonsopprør mot Jonas Gahr Støre etter at Arbeidarpartiet gjekk saman med regjeringspartia, Frp og Senterpartiet om iskanten og oljeskatten.

AUF-leiaren har vore oppteken av at moderpartiet må endra retning for å vera eit truverdig klimaparti for dei unge.

Overfor NTB forsikrar ho om at avgjerda hennar ikkje vart teka samband med denne saka.

– Eg opplever at det har vore meiningsfylt heile tida å samarbeide med Arbeidarpartiet om å skapa jobbar og kutte utslepp, seier ho til NTB.

Skal søkja sosionomjobb

På landsmøtet 15.-18. oktober skal Arbeidarpartiets Ungdomsfylking velja kven som skal leia organisasjonen framover.

Til VG seier Libak at ho heller ikkje tek gjenval til Stortinget ved valet i 2021, og at ho no vil søkja om jobb som sosionom, som ho er utdanna til.

30-åringen meiner at det no er på tide å gje leiarposisjonen vidare og avviser overfor avisa at ho er metta på politisk arbeid.

– Det er ikkje noko anna grunn enn at eg no i 14 år har brukt natt og dag på AUF. Og eg har brukt tida på det mest meiningsfylte arbeidet eg har kunne gjere ved å vere med og byggje opp organisasjonen etter 22. juli, seier ho til VG.

Når Ina Alvilde Rangønes Libak er ferdig på heimekontor for dagen, nyttar ho fritimane til å utvide kjøkenrepertoaret sitt, lese bøker og gjere yoga. Foto: Privat