Den nye leiaren i Press – Redd Barna Ungdom har ikkje tid til mange andre hobbyar og har push-varsel frå alle dei store, nasjonale avisene.
Lea Mariero

Alder: 21

Frå: Bergen by

Yrke/utdanning: Eit år med statsvitskap på UiO

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag/samfunnsfagleg engelsk

Medlem i: Diverse barne- og ungdomsorganisasjonar som eg støtter sakene til, men er ikkje med i noko politisk parti.

LES FAKTALUKK FAKTA

– USA er faktisk det einaste landet i verda som ikkje har ratifisert barnekonvensjonen. Dersom alle land i verda hadde gjort det, hadde ein kome eit godt stykke på veg til å syte for at barnerettar alltid blir prioriterte og tatt omsyn til.

Førre helg var Lea Mariero valt til ny leiar i Press – Redd Barna Ungdom. Ho har tidlegare vore leiar i Press Bergen og har sidan 2018 vore nestleiar i sentralstyret.

Om den engasjerte 21-åringen frå Bergen skulle vakna opp til si draumeoverskrift i morgon hadde det vore: «Donald Trump og USA har ratifisert FNs barnekonvensjon».

Kjempar for barn på flukt

Mariero løftar barn sine rettar i møte med klimakrisa, kroppspress og psykisk helse, barn på flukt og stemmerett for 16- og 17-åringer, som dei viktigaste Press-sakene anno 2020.

– Dette er alle fire saker som handlar om sentrale barnerettar. Eg håpar politikarane blir flinkare til å prioritere barn sine rettar når viktige avgjerder skal takast i tida framover, skriv Mariero i ein e-post til Framtida.no.

Ungdomsorganisasjonen kunne nyleg jubla for rapporten frå vallovutvalet, som gjekk inn for å senka stemmeretten til 16 år ved lokalval, men det er likevel nok av saker å ta tak i.

Kampen for barn på flukt og barn som søkjer asyl i Noreg er ei hjartesak for 21-åringen.

– Vi ser ei verd kor talet på flyktningar stadig aukar, og halvparten av desse er barn. Bileta vi har sett frå dei greske øyene er eit av mange døme på kor kritisk situasjonen er. Barn i flyktningleirar lever under umenneskelege levekår, som bryt kraftig med barn sine rettar.

Foto: Ida Johanne Aadland

– Ingen barn skal diskriminerast

Den påtroppande Press-leiaren meiner òg det er viktig at diskriminering har vorte sett på dagsordenen gjennom det som har skjedd i USA.

– Mi hjartesak er at ingen barn skal diskriminerast. Vi ser at diskriminering er utbreidd i samfunnet vårt, anten det gjeld etnisitet, tru, bakgrunn, seksualitet eller kjønn. Difor meiner eg kampen mot diskriminering er den viktigaste kampen for barn sine rettar akkurat no.

Som leiar håpar ho å ta godt vare på den frivillige innsatsen, syta for at medlemmane ikkje slit seg ut og representera dei på ein god måte.

Reality-serien «Say yes to the dress» er blant Lea Mariero sine guilty pleasures. Foto: TLC

Aftenpodden og «Say yes to the dress»

– Kva gjer du på fritida/hobbyar? 

– Eg har vel eigentleg ikkje så mange hobbyar, sånn blir det fort når ein brukar all tida si i ein ungdomsorganisasjon. Men eg er veldig glad i omtrent alle brettspel, i tillegg til mobilspel. Min guilty pleasure er «Say yes to the dress» og alt anna halvvegs god reality. Elles er eg stor fan av dei fleste podkastar, alt frå Friminutt til Aftenpodden.

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Det er utan tvil Toon Blast. Det er rett og slett ein betre versjon av Candy Crush, som eg brukar alt for mange timar på. Men no kjem eg meg ikkje vidare frå level 2420.

Lea Mariero har sansen for den svenske legen og professoren Hans Rosling (1948-2017) og skodespelar Audrey Hepburn (1929-1993), som her er i si ikoniske rolle som Holly Golightly i Breakfast at Tiffany’s. Foto: David Shankbone/Ukjent

Audrey Hepburn og Hans Rosling

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? (Og kva ville du servert?)

– Her burde eg sikkert hatt eit meir politisk svar, men eg elskar Audrey Hepburn. Mest på grunn av Breakfast at Tiffanys. Og eg hadde laga ei currysuppe med masse digg som er ei gamal familieoppskrift, men den kan eg ikkje røpe.

– Kva for ei bok burde alle lesa?

– Factfulness av Hans Rosling. Ei utruleg god framstilling av kor verda er i dag, og kor mykje som faktisk har blitt betre. I tillegg gjev boka gode verktøy for å kunne forstå verda betre, mellom anna med at ein ikkje lengre kan kategorisere alle land som «u-land» og «i-land». Mangfaldet av regimer og velferd er så stort, at det å sjå på verda utelukkande i eit «Europa vs. resten» er ganske naivt. Eg lærte i alle fall masse, og det trur eg dei fleste andre som har lese den kan seie seg einig i.

Push-varsel på BT

– Korleis held du deg oppdatert? 

– Eg har på push-varsel på omtrent alle dei store, nasjonale avisene. Og ikkje minst BT. Viktig å halde seg oppdatert på heimkommunen. Også kan eg på det sterkaste anbefale BT-podcasten Nokon må gå. I tillegg høyrer eg alltid på Aftenpodden. Veldig fin oppsummering om ein ikkje har tid til å sjekke NRK eller VG ti gongar om dagen.

Er du også ein nyheitsslave? Prøv deg på Framtida.no sine nyheitsquizar!

– Kva er idealsamfunnet?

– Idealsamfunnet mitt er eit samfunn kor barns rettar alltid er eit viktig omsyn i politiske avgjerdsprosessar. Altså eit samfunn kor barns rettar blir innfridd, slik dei er nedfelt i FNs barnekonvensjon. Eit samfunn utan diskriminering, med eit omfattande demokrati og kor ein alltid tek barns rettar på alvor. Det hadde vore noko!

Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Hund. Elskar hundar, og vil få meg ein så fort eg kan. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com
NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur, men helst sommarhytte. Ikkje fødd med ski på beina. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com
TACO ELLER PIZZA? Pizza, men berre med rømmebotn. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com
HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? Harry Potter, så klart. Blei aldri særleg hekta på Hunger Games. Foto: Murray Close
BEYONCÉ ELLER HELLBILLIES? Beyoncé. 100% guilty pleasure. Høyrer på Beyoncé på veg til jobb kvar dag.
ANNONSE