Her er tala frå Klimabarometeret 2019 – i bilete

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Kantar som gjer undersøkinga, som i år viser at klimaendringar er det flest meiner er vår største ufordring. Her er nokre av nøkkeltala.

Viktigaste sak hos dei fleste velgjargrupper

I nesten alle parti-veljargrupper er det også auke prosentvis og klimaendringar ligg som sak nummer éin hos alle, bortsett frå blant velgjarane til Senterpartiet, Høgre og Frp.

Saka har likevel gått opp i viktigheit blant Sp-velgjarar med 12 prosentpoeng og Høgre-velgjarar med 4 prosentpoeng, sidan januar 2019. Foto: Stortinget/Grafikk:Framtida.no/Tal: Kantar

Framleis viktigast blant unge

Saka «Klimaendringer» står sentralt blant dei under 45 år. Ein ser også at klimaengasjementet blant yngre (dei under 30 år) aukar. Foto: Ingvild Eide Leirfall. Tal: Kantar

Graf: Kantar

Klimaengasjementet er størst blant dei under 45 år. I aldersgruppa 45-59 år er dei mest opptekne av «helse og omsorg», medan dei over 60 år sidestiller «helse» og «klima». Foto/Grafikk: Framtida.no. Tal: Kantar/Klimabarometer 2019

Flest vil prioritere helse

Det er ei auke på «klima og miljø», frå 9% i 2017. Etter klima ligg sysselsetjing, beredskap, samferdsel, kommuneøkonomi, innvandring, forsvar, landbruk, fiskeri og næring, olje og energi – i synkande rekkefølge

Nesten halvparten vil bruka meir pengar på klimatiltak

Ifølgje SSB bruker Noreg omlag tre milliardar kroner i året på klimatiltak som i hovudsak skal redusera utslepp av klimagassar.

44 prosent av befolkinga meiner det må brukast endå meir på klimatiltak. 26 prosent meiner det bør vera som i dag, medan 18 prosent meiner me bør bruka mindre. Foto: Sharon McCutcheon /Unsplash

Over halvparten meiner politikarane gjer altfor lite for å avgrensa utsleppa

59 prosent av velgjarane meiner norske politikarar gjer altfor lite for å avgrensa utslepp av klimagassar i Noreg. Det er ei auke på 11 prosentpoeng frå 2016. Mange av oss er kanskje også litt redde for korleis me er rusta til å møta konsekvensane av klimaendringane: 57 prosent meiner styresmaktene gjer for lite for at me skal tilpassa oss klimaendringane. Foto: ERIC ZHU/Unsplash

Over halvparten meiner Noreg er føregangsland

Sjølv om mange meiner våre politikarar burde gjere meir, ser rekordmange 54 prosent av oss på Noreg som eit føregangsland internasjonalt i klimaspørsmål. I 2016 var det 38 prosent. Foto: Mikita Karasiou /Unsplash

Terningkast 3 til Solberg-regjeringa

Regjeringa får terningkast tre for sin innsats for å redusere utslepp av klimagassar.

10 prosent av velgjarane gir terningkast 1, medan 2 prosent gir dei terningkast 6.

Halvparten meiner Noreg må halda fram med å leite etter olje

26 prosent av oss stiller seg positive til olje som energikjelde. Det er ei auke frå 16 prosent frå 2015 og 19 prosent i 2016. Over halvparten, 54 prosent, sluttar opp om at Noreg bør halda fram med å leite etter olje og gass i same grad som i dag. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix. Grafikk: Framtida.no

…men me vil ha meir fornybart

64 prosent meiner likevel at norsk oljeindustri bør gå frå å produsera olje og gass, til å produsera meir fornybar energi, sjølv om det skulle gå på bekosting av inntening. 57 prosent meiner dette, sjølv om det skulle gå på bekosting av arbeidsplassar. Foto: Karsten Würth/Unsplash

79 prosent positive til vindkraft til havs

79 prosent av oss er positive til vindkraft til havs. Toppåret for dette var i 2011, då 89 prosent meinte dette. Det er likevel ein oppgang frå 2016, då talet var 73 prosent. Vindkraft på land har på si side blitt mindre populært. 53 prosent av oss er positive til dette, og det er ein nedgong frå 70 prosent i 2016 og 84 prosent i toppåret 2011. Foto: Daniel Lee /Unsplash

Over halvparten er uroa for konsekvensane

54 prosent er uroa for konsekvensane klimaendringar kan få for dei sjølv og deira næraste. Det er ei auke frå 46 prosent i 2016. Tal: Kantar

Nesten halvparten meiner det påverkar kor dei vil bu

47 prosent seier klimaendringane har noko eller stor betydning kor dei vil busetje seg i framtida.Foto: Luke Stackpoole /Unsplash

Halvparten er pragmatiske i møte med klimakrisa

Segmentering av befolking med utgongspunkt i haldning til klima og klimaåtferd. Grafikk: Kantar/Klimabarometer 2019

Idealistane vert rekna som «svært opptekne av klima og miljøspørsmål, og prioriterer hensynet til klima i det daglige». Her er 62 % kvinner, 32 % frå Oslo, 23 % MDG-velgjarar, og 62 % ser mørkt på framtida. 95 % av desse er villige til å endre åtferd.

Les meir om alle «typane» i rapporten.

Folk er best på kjeldesortering

Kjeldesortering er måten flest bidreg for å redusera eigen belasting på klima og heile 56 prosent svarar at dei gjer det. På andreplass kjem «redusert matsvinn» (52%), på tredjeplass «redusert plast-/emballasjebruk» (43%).
Kun 9 prosent svarar at dei ikkje har gjort noko.

Dei fleste har bil

Grafikk: Framtida.no. Foto: Steinar Engeland/Unsplash

Betre kollektivtilbod må til for å få folk vekk frå bilen

På spørsmålet «Hva skal til for at du vil gå bort i fra å eie egen bil eller redusere bilbruken?», svarte heile 51 prosent at det måtte til betre kollektivtilbod. 15 prosent ville ha betre sykkelvegar.

Me er glade i toget

Heile 86 prosent av oss meiner Jernbanen er den mest effektive, sikre og miljøvenlege måten å frakta mange folk på. 75 prosent er einige i at tog er den mest klimavennlege transportforma. 12 prosent meiner «El/hydrogenbil», 2 prosent «bensin/diesel», 2 prosent «fly» og 1 prosent «båt». Grafikk: Framtida.no. Foto: JK /Unsplash

Fleire vil ha el-bil

12 prosent av oss har el-bil i dag, medan 41 prosent har dieselbil og 34 prosent har bensingbil. El-bileigarane har aukt med tre prosent frå 2016, medan andelen diesel og bil, har gått noko ned i same tidsrom.

Og over halvparten er optimistar

Sjølv om mange ser alvoret, er likevel fleirtalet optimistar og har tru på at me globalt sett vil lukkast i åra framover, med å redusere utslepp av klimagassar. Grafikk: Framtida.no. Foto: Nghia Le/Unsplash. Kantar/Klimabarometer 2019