Medietilsynet til barn og unge: Sei ifrå om ulovleg innhald på nett!

Ein ny guide frå Medietilsynet skal gjere det lettare for unge å rapportere om skadeleg innhald på nett.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Mange blir eksponerte for så mykje skadeleg innhald at dei tenkjer at dette er noko dei «berre må tole». Slik kan det ikkje vere, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, i ei pressemelding.

Over halvparten har sett skremmande bilete

Undersøkinga «Barn og medium 2024» viser at over halvparten av norske 13-18-åringar har sett skremmande eller valdelege bilete og videoar på nettet. Samtidig nøler mange unge med å rapportere slikt innhald, anten av frykt for negative konsekvensar eller fordi dei trur det ikkje hjelper.

Medietilsynet lanserer no informasjonskampanjar retta mot både ungdom og foreldre, og har laga ein ny rapporteringsguide for å gjere det lettare for unge å melde frå om skadeleg innhald. Tilsynet meiner også at teknologiselskapa må ta større ansvar for å beskytte barn og unge på plattformene sine.

Slik rapporterer du til sosiale medium og her kan du kontakte nettpatruljen.