Medietilsynet får Målblome

Medietilsynet får prisen for å følgje Språklova, som einaste statsorgan.

Laura Kursula
Publisert

– Medietilsynet og direktør Mari Velsand får ein varm takk frå Mållaget. Eg trur vi snakkar på vegner av dei om lag 600 000 folka som skriv nynorsk dagleg, når vi gjev målblome for innsatsen, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding i dag.

I fjorårets rapport frå Språkrådet vart det klart at Medietilsynet er det einaste statsorganet som følgjer Språklova, som krev minst 25 prosent nynorsk og bokmål.

Difor får tilsynet no Noregs Mållag sin heiderspris, Målblome.

Målblomen er ein pris som Noregs Mållag deler ut ved ujamne mellomrom til folk og organisasjonar som har «gjort ein god innsats for nynorsken».

Torsdag vart Målblomen delt ut på Litteraturhuset i Fredrikstad av Inger Johanne Sæterbakk, som er styremedlem i Mållaget. Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, tok imot prisen.

Peder Lofnes Hauge, leiar av Noregs Mållag. Foto: Tuva Maria Åserud

– Dette var ei svært hyggeleg anerkjenning av språkarbeidet vårt og ein motivasjon for jobben vidare framover. Noreg har to skriftspråk, og då må begge bli brukte og vere synlege for folk flest. Som statleg verksemd har vi eit særleg ansvar for å bidra til det, sa ho.

Tidlegare mottakarar av Målblomen inkluderer politikar Monica Mæland (H), Haukeland universitetssjukehus, Aftenposten og tidlegare kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.