Kaldare temperatur i Barentshavet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 1980-talet har temperaturen gått opp i Barentshavet, men dei fem siste åra har han gått noko ned, skriv Havforskingsinstituttet på sine nettsider.

– Temperaturen i fjor var gått tilbake til same nivå som tidleg på 2000-talet. Iskantsona har trekt seg sørover sidan 2016, seier Per Arneberg, forskar ved Havforskingsinstituttet.

– Naturlege variasjonar i klimaet

Fram til 2016 påverka oppvarminga av Barentshavet artane som lever der negativt. Etter temperaturen har gått noko ned ser forskarane at det no er fleire arktiske dyreplankton- og fiskeartar i havområdet.

Arneberg trur ikkje dei kjøligare temperaturane vil vare lenge.

– Denne mellombelse nedkjølinga er med stort sannsyn eit resultat av naturlege variasjonar i klimaet. Slike svingingar i klimaet vil alltid vere til stade, men det endrar ikkje på at oppvarminga av Barentshavet vil halde fram.

Ein ærfugl symjer i iskanten i Barentshavet. Minst 20 millionar sjøfuglar tilbringer sommaren her. Foto: Sebastian Gerland / Norsk Polarinstitutt

Varmare kuldeperiode

Til NRK seier Arneberg at klimaet typisk går inn i syklusar med varme og kalde periodar. Ein syklus er gjerne mellom 60 og 80 år.

– Den kalde perioden vi går inn i no ser ut til å vere varmare enn den førre kalde perioden. På same måte som den varme perioden vi hadde bak oss var varmare enn den førre varme. Det svingar rundt ein aukande trend i temperaturen. No skal det bli noko kjøligare i havet fram til 2030-åra, seier Arneberg til NRK.

Illustrasjonsfoto: Shawn Ang, Unsplash.com