Medietilsynet: – Ein myte at «alle» barn og unge deler nakenbilete

Nesten éin av åtte i alderen 13-18 år har delt nakenbilete av seg sjølv, men langt fleire vert utsett for digital blotting.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Medietilsynets undersøking Barn og medier 2020 har i overkant av 2000 unge i alderen 13-18 år vorte spurt om deling av nakenbilete.

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, er uroa for digital blotting og myta om at Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

Åtvarar mot digital blotting

I overkant av to av fem 13-18-åringar i Noreg har motteke nakenbilete. Av dei som hadde motteke nakenbilete var det 40 prosent som fekk det frå ein ukjent på nettet.

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, er uroa for at såpass mange vert utsett for digital blotting frå ukjente.

– Det er ikkje lov å sende eit nakenbilete til nokon som ikkje har bede om det. Medietilsynet meiner det er viktig at digital blotting frå ukjente blir politimeld, slik at politiet kan etterforske desse sakene, seier ho i ei pressemelding frå Medietilsynet.

Politiet har også laga eit skjermbilete du kan bruka som svar dersom du mottek uønskte nakenbilete:

Nakenbiletemyta

Under halvparten av ungdommane hadde vorte spurde om å sende nakenbilete av seg sjølv, både av folk dei kjenner og ukjente på nett.

Sidan 2016 har talet på unge som deler nakenbilete av seg sjølv halde seg stabilt på 12 prosent. Berre 6 prosent svarar at dei har sendt nakenbilete eller -film av seg sjølv i løpet av det siste året.

– Det er ein myte at «alle» barn og unge deler nakenbilete av seg sjølv. Det er viktig at barn og unge veit at det å dele nakenbilete slett ikkje er noko «alle andre» gjer, og at dei tidleg lærer korleis dei best kan handsame slike situasjonar, seier Velsand i pressemeldinga.

Får tilbod om pengar for nakenbilete

Nytt i år er at ungdommane òg har blitt spurde om dei har fått tilbod om pengar eller gåver i bytte mot nakenbilete.

13 prosent av dei som har delt nakenbilete av seg sjølv har fått betaling for det.

– I nokre tilfelle vert unge tilbydd ein ganske stor pengesum. Det fører til at nokre vert freista til å sende nakenbilete til personar dei ikkje kjenner, seier politioverbetjent i Kripos, Hanne Andreassen, i pressemeldinga.

Les også: Kripos-kampanje skal hindra ulovleg spreiing av nakenbilete

– Viktig å få stoppa desse

Det er betydeleg fleire gutar enn jenter som svarar at dei har fått gåver eller pengar i byte mot bilete. 22 prosent av gutane svarar at dei har motteke betaling, samanlikna med berre 6 prosent av jentene.

Andreassen oppmodar unge som får uønskte førespurnadar om å rapportera det til spelet dei speler, det sosiale mediet dei bruker, eller til politiet.

– Dei som ber om nakenbilete tek gjerne kontakt med veldig mange barn. Det gjer det spesielt viktig å få stoppa desse personane.

Les også: Nudes-skapar etterlyser lovverk tilpassa deling av nakenbilete

Regissør og manusforfattar Erika Calmeyer, som fekk ideen til «Nudes» etter å  ha jobba for NRK med ei sak om deling av nakenbilete, fryktar peikefingrar gjer det vanskelegare for dei som vert utsett å søka hjelp. Ho får støtte av skodespelar Tord Kinge. Foto: Andrea Rygg Nøttveit