Nudes-skapar etterlyser lovverk tilpassa deling av nakenbilete

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Lovverket må jo halda seg oppdatert til den verda me lever i. Det gjer det ikkje akkurat no og det trur eg får konsekvensar for ganske mange, seier regissør og manusforfattar Erika Calmeyer (29).

Ho etterlyser eit reelt regelverk retta mot spreiing av nakenbilete som er lettare å halde seg til og som er tilpassa det som faktisk skjer.

I dag straffeforfølgjer ein gjerne dei som deler bilete mot nokon sitt samtykke for framstilling eller deling av barnepornografi, ei lov som i utgangspunktet er laga for overgrep mot barn. Er personen over 18 år kan politiet bruka andsverkslova eller krenking av privatlivets fred.

– I Danmark har dei laga eit eige lovverk for desse tinga. Eg tenkjer det vil gjera det lettare både for politiet, lærarar, helsevesen og ungdommar og vaksne – at det finst ei lov mot dette her, seier Calmeyer.

Tord Kinge speler russepresidenten Viktor, som gjer sitt livs dårlegaste val på ein fest. Foto: Barbosa Film, NRK

Nudes

Søndag 22. september er det nettpremiere på den nye ungdomsserien Nudes, som er produsert av Barbosa Film og NRK.

Serien er delt opp i tre bolkar, som kvar er tre episodar, der sjåarane vert kjente med historiene til Sofia frå Kristiansand, Viktor frå Bærum og Ada, som bur i ei lita bygd i Trøndelag og opplever å bli pressa av ein ukjent person.

Calmeyer fekk ideen til tv-serien etter å ha jobba i NRK med ei stor sak der unge gutar hadde systematisert innhenting og deling av nakenbilete. Ho vart sjokkert, men òg nyfiken.

Ho tok kontakt med filmselskapet Barbosa Film, som var gira på ideen. I manusarbeidet har dei snakka med Kripos, tenester som Slettmeg.no og ungdommar som har opplevd det på kroppen.

Mange skjebnar og enkelthendingar har danna grunnlaget for dei tre ulike historiene om nakenbilete-deling og konsekvensane av dette.

– Det er jo folk som tek livet av seg på grunn av dette, så langt kan det gå. Så er det andre som har eit godt støtteapparat og klarar å koma seg vidare, seier Calmeyer.

Ho håpar at tv-serien skal få publikum til å identifisera seg med karakterane og slik skapa ein diskusjon om temaet, som ho opplever som tabubelagt.

Lena Reinhardtsen frå Vennesla spelar Sofia frå Kristiansand, som opplever at bilete av at ho har sex vert spreidd. Foto: Barbosa Film, NRK

Aha-opplevinga

Ifølgje Medietilsynet sin siste rapport om Barn og medier hadde 13 prosent av alle barn i alderen 13-18 år sendt eit nakenbilete i løpet av fjoråret. 37 prosent av jentene fortalde at dei følte seg pressa til å gjere det.

Calmeyer kvir seg for å gje nokre konkrete råd, men trur det er viktig å ikkje gjera noko ein ikkje er komfortabel med.

Ho får støtte av skodespelar Tord Kinge (19). Sjølv om han har høyrt historier om vener av vener som fekk spreidd bilete, visste han ikkje så mykje om problematikken på førehand og fekk fleire aha-opplevingar då han leste manus.

– Eg visste at det var noko ein ikkje burde gjere, men eg har aldri sett på det så alvorleg som då eg leste manuset og snakka med Erika. Det var først då eg skjønte både kor straffbart det er og kor øydeleggjande det er for heile livet ditt – for unge jenter og sånn, seier 19-åringen.

Russepresidenten Viktor

Allereie før den norske tv-premieren 22. september er serien selt til britiske BBC Three, som første framandspråklege serie.

Og for dei som lurer på om serieskaparane har tenkt på å inkludera ein gut som opplever å få spreidd nakenbilete mot sin vilje, kan Erika Calmeyer avsløra at dei har planar for sesong to.

Men i første sesongen er det skodespelar Tord Kinge som har fått jobben med å formidla det mannlege perspektivet, gjennom karakteren Viktor.

18 år gamle Viktor er ein populær vidaregåande elev frå Bærum som har alt. Han er russepresident, har mange vener og ein kjærast. Men så får han vete at han er politimeld for å ha spreidd eit nakenbilete av ei jente.

Viktor har nemleg filma Miriam medan ho har sex på ein fest og delt det vidare.

– Sidan det er mange andre der, så tenkte han at: Då går det heilt fint om eg òg gjer det. Så fekk han konsekvensar for det, forklarar Tord Kinge om rollefiguren Viktor.

Kinge forklarar at det som skjer med Viktor er rollefiguren si første livskrise.

– Det er første gong han opplever noko kjipt. Det er første gong han må ta omsyn til kva andre føler, at det ikkje berre handlar om seg sjølv. Han tenkjer veldig mykje at dette øydelegg for meg, og tek kanskje ikkje like mykje omsyn til ho, forklarar skodespelaren om rollefiguren.

– Nokre av scenene er ganske harde, så det var sjølvsagt vanskelege kjensler å gå inn i, seier Tord Kinge, som speler russepresidenten Viktor, som vert tiltalt for spreiing av nakenbilete. Foto: Barbosa Film, NRK

Den andre sida

19-åringen syntest det var interessant og gøy å setja seg inn i karakteren og kan avsløra at det var mange «lei seg-scener».

– Kvifor er Viktor si historie viktig?

– For det første er det det å vise begge sider av saken. Sjølv om det er ein heilt idiotisk ting å gjere og du øydelegg eit anna menneske sitt liv, så er det ikkje alltid svart/kvitt, seier Kinge, som får støtte av manusforfattaren.

Calmeyer meiner det er viktig å visa ei historie frå andre sida som sjåarane kan identifisera seg med.

Sjølv om ho har sett døme på overgriparar som målretta går inn for å skaffe og spreie bilete, har ho inntrykk av at det ofte dreier seg om tankeløyse.

Ho håpar dette perspektivet kan få folk til å reflektere over korleis grensene vert flytta.

– Om me berre tenkjer at dei som deler bilete av andre er monster, så får me heller ikkje folk til å reflektere og tenkje at: Kanskje det kunne vore meg, om eg var på fest og alle andre gjorde det. Kva om eg var i den situasjonen, kanskje eg hadde gjort det òg.

I samtale med ungdommar har Erika Calmeyer fått inntrykk av at mange ikkje vågar å stå opp for andre i frykt for sosiale stigma. I «Nudes» vil dei visa døme på korleis ein kan vera ein god ven. Foto: Barbosa Film, NRK

Skamfulle gutar

Noko av det som har overraska filmskaparen mest er kor mykje «slutshaming» dei som vert utsette for uønskt deling av nakenbilete opplever.

– Det me ser er at det som oftast er jenter som får den verste shaminga når bilete blir delt, men det er ikkje slik i alle tilfelle. Det me ser med gutane er at det ofte er mykje vanskelegare å seie ifrå, forklarar Calmeyer.

– Dersom det ikkje er «ein kul video» som gjer at du får high five i skulegarden, men meir skamfulle seksuelle ting, så har dei ofte mykje vanskelegare å seie ifrå enn jenter.

Men gutane er ikkje åleine om å skamme seg og kvi seg for å oppsøke hjelp.

Slutshaming anno 2019

– Barn og ungdommar er jo eigentleg ganske jævlege menneske. Så det er ein del shaming og at ein kanskje ler av det, framfor å ta det på alvor, fortel Tord Kinge.

Han har ikkje nær kjennskap til temaet, men har opplevd at deling av nakenbilete har vorte omtalt som ei ganske daglegdags greie, og trur det handlar om at unge ikkje har nok kunnskap om emnet.

– Eg trur ikkje ein ser kor mykje det faktisk øydelegg, som er det serien prøvar å vise.

Calmeyer fryktar at det generelle rådet om at ein ikkje skal dele nakenbilete kan oppretthalda ein mentalitet der ein tenkjer at du kan takke deg sjølv, dersom du deler eit nakenbilete og opplever å få det spreidd mot din vilje.

På same måte som at me ikkje lenger skuldar jenter som går i miniskjørt, dersom dei opplever ei valdtekt, meiner ho me bør leggje bak oss mentaliteten om at den som har teke eit nakenbilete kan skulda seg sjølv.

Ada (Anna Storeng Frøseth) frå Vikhammer i Trøndelag opplever at ein framand pressar ho for pengar på grunn av nakenbilete. Foto: Barbosa Film, NRK

«Aldri del det vidare»

Både Calmeyer og Kinge er einige om at ein ikkje bør løfte peikefingeren til dei som tek eller sender nakenbilete frivillig, men heller snu på råda.

– Det foreldre burde seie er: «Aldri del det vidare, om du først har fått det». Det er jo der problemet ligg, seier Kinge, som får støtte av manusregissøren.

Ho skulle ynskja at ungdommar heller reagerte med sjokk og vantru enn at det er «lættis».

– Om me hadde klart å snu det til at det å dele eit bilete vidare av nokon andre, er noko du berre ikkje gjer, så hadde me kome langt. Det øydelegg liv og slik skal ein ikkje gjere, avsluttar ho.

Sjå heile traileren her: