4000 har meldt frå til Kripos om krigsbrotsverk i Ukraina

Rundt 4000 ukrainske flyktningar i Noreg har meldt frå om at dei har vore vitne til eller er offer for krigsbrotsverk i Ukraina.

NPK-NTB
Publisert

Så langt har Kripos vore i kontakt med cirka 800 av desse og avhøyrt i underkant av 400 personar, opplyser politiadvokat Anette Berger i Kripos til Vårt Land.

Flyktningane rapporterer mellom anna å ha opplevd angrep på sivile mål, drap og drapsforsøk på sivile, seksuelle overgrep, tortur, fridomskrenking, konfiskering eller plyndring av eigedom, eller deportasjon, skriv avisa.

Kripos har nasjonalt ansvar for etterforsking av krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskja og folkemord. Som ledd i etterforskinga samlar Kripos inn informasjon og bevis for moglege, framtidige straffesaker både i Noreg, Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) og i andre land.

– Dersom personar som kan mistenkjast for å stå bak krigsbrotsverk i Ukraina, er i Noreg, er det naturleg at ei etterforsking og eventuell rettssak skjer i Noreg, seier Berger.

Sidan Russland sin fullskalainvasjon av Ukraina 24. februar 2022 har meir enn 6,3 millionar ukrainarar forlate landet. Nesten 71 000 har fått vern i Noreg. Dette talet kan auke til over 100 000 i løpet av året, ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI).