Kripos-kampanje skal hindra ulovleg spreiing av nakenbilete

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Tenk deg om før du TAR, HAR eller DELER. Er det delbart?»

Det er oppmodinga frå Kripos. I dag lanserer politiets nasjonale eining for organisert og anna alvorleg kriminalitet kampanjen Delbart.

Ein sentral del av kampanjen er ein 15 minutt lang kortfilm der hovudpersonen Kaisa både deler vidare ein video av ein gut som er filma på do og får alvorlege problem etter å ha sendt ein nude til kjærasten.

Les innlegget frå Johanne (20): Gutar, kven har bede dykk halde kjeft i debatten om nakenbilete?

Tre av fire har delt nakenbilete

Dei neste vekene skal Kripos vitja ungdomsskular over heile landet for å gje unge meir kunnskap om konsekvensane ved å spreie nakenbilete.

Ifølgje ei undersøking publisert av UNICEF i fjor svara 40 prosent av unge i alderen 18 til 20 år at dei har teke nakenbilete av seg sjølv. Fleirparten av desse delte bileta med nokon og 35 prosent svara at dei angra i ettertid.

Heile 13 prosent av barn og unge i alderen 13-18 år hadde teke eller sendt bilete av seg i løpet av det siste året ifølgje ein rapport Medietilsynet gav ut i fjor.

Les også: Fleire jenter i terapi etter å ha delt nakenbilete

Veit ikkje kor grensene går

Politioverbetjent Hanne Andreassen seier til NRK at mange unge opplever eit press på å dele nakenbilete, fordi dei trur alle andre gjer det.

– I tillegg ser me ofte i straffesaker at ungdom gjer seg sjølv til lovbrytarar utan å vete det. Dei veit ikkje kor grensene går i forhold til kva som kan delast og ikkje, seier ho til NRK nyheiter.

Av alle 9–18-åringer seier 3 av 10 at dei har sendt eller publisert bilete eller videoar av andre utan deira samtykke.

Les også: Jentepris til «datadetektiven» Mia Landsem

Harstad-saka

I tillegg til skulebesøk og kampanjevideo har Kripos lansert nye nettsider der ein kan lesa kva lova seier om deling av nakenbilete og kva ein kan gjere dersom ein sjølv vert utsett for dette.

Politiet brukar sjølv den store saka frå Harstad som eit eksempel på kva konsekvensar ulovleg biletdeling kan få.

Politiet i Harstad har sidan sommaren i fjor etterforska ei sak der åtte jenter og gutar i alderen 14 til 16 år er mistenkt for ulovleg spreiing av over 700 bilete av 34 jenter i alderen 13-16 år.