«Heimeeksamen er eit fullgodt alternativ»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Etter at koronaen inntok landet, har me blitt godt vande med digitale løysingar, og det aller meste kan no utførast utan at ein treng å stikke så mykje som ei tånegl utanfor inngangsdøra.
I løpet av våren har tidlegare ukjende namn på plattformar for videokonferansar blitt fullt integrert i vokabularet vårt. Me har blitt vande til å kunne utføre ting heimanfrå, og no når eksamenstida er over oss igjen, vil mange studentar oppleve at også eksamen kan gjennomførast innanfor husets fire vegger.
Stadig fleire spør om heimekontor kan bli den nye normalen – men kva med heimeeksamen? Er heimeeksamen framtida?
Pugging = læring?
For nokon vil kanskje læring alltid vere synonymt med pugging og det å kunne ramse opp noko berre ut frå eige minne, og for desse vil nok konseptet heimeeksamen verke fjernt.
Men dersom ein løftar blikket ørlite, er det mogleg å sjå at det ikkje er så dumt likevel.
Eg vil våge å påstå at dersom eg hadde køyrt ei handsopprekning blant dykk lesarar som har opplevd å få eit godt resultat på ein eksamen eller ei prøve, for så å gløyme mykje av fagstoffet innan ein månad eller to, så ville eg fått ein god del hender i været.
Eg har iallefall opplevd å få tilbake ei prøve med ein god karakter, der eg har gløymt kva eg sjølv har svart på den tida det har teke læraren å rette prøva. Har eg då eigentleg lært så mykje?
Det er aktuelt å spørje seg om pugging er den beste måten å lære på.
Enklare med heimeeksamen?
Då mine skuleeksamenar dette semesteret blei gjort om til heimeeksamenar, kom eg borti fleire som uttrykte at dette gjorde eksamen “enklare”.
Og ja, heimeeksamen er på nokre måtar enklare – men det handlar ikkje om det faglege.
Heimeeksamen er enklare fordi du kan hoppe over transportetappa til og frå eksamenslokalet, og dermed sparar kanskje to timar som du kan bruke på noko anna – som til dømes å sove lengst mogleg eller ete ein god frokost.
Heimeeksamen er på nokre måtar enklare – men det handlar ikkje om det faglege.
Når det gjeld det reint faglege på heimeeksamen, så vil eg påstå at eksamenane eg har hatt så langt i år, ikkje har vore nevneverdig lettare.
Dette er først og fremst fordi mange oppgåver kombinert med relativt lite tid betyr at det ikkje er hjelp i kor mange skulebøker du har liggande – du har ikkje tid til å bruke dei uansett.
I tillegg er det fort gjort å falle i “eg-skal-berre-sjekke-boka”-fella, og bruke altfor mykje tid på å leite i notatar. Du må altså kunne stoffet nokonlunde på rams. Men dette betyr også at denne typen heimeeksamen er prega av ein viss grad av pugging, som eg nettopp har slege eit slag mot.
Den ideelle eksamensforma
Dei eksamenane som gjer underverk for læringsutbyttet er eksamenar som utførast heime – og var meint å vere heimeeksamen frå starten av.
Dette er eksamenar der ein har tilgang på alle hjelpemiddel, der ein skriv ei oppgåve over lengre tid og der ein kan arbeide med den aktuelle oppgåveteksten over fleire dagar, kanskje til og med månadar.
Desse oppgåvene fordrar at studenten er godt kjend med pensum, at studenten kan stoffet, og, ikkje minst, at studenten kan bruke stoffet til å løyse ei aktuell oppgåve.
I tillegg må studenten kunne finne aktuelle og relevante kjelder utanfor pensum, og nytte desse på ein sjølvstendig og riktig måte.
Sjølv har eg skrive fleire slike oppgåver – ei av dei eg brukte lengst tid på var for heile tre år sidan og denne kan eg i ettertid faktisk fortelje kva handla om. Nettopp fordi eg systematisk jobba med den over fleire veker og ikkje berre pugga detaljar til eksamensdagen.
Informasjonssamfunnet
Eit anna argument for oppgåveskriving som eksamensform, er den enorme tilgangen på informasjon som me opplever i dag.
Ikkje berre er sjølve mengda av informasjon større enn nokon gong, den er også veldig lett tilgjengeleg. Eit par tastetrykk kan gi deg svaret på det meste du lurer på, dette innanfor eit svært kort tidsrom.
Bør ein då bruke verdifull tid på å pugge detaljar, detaljar ein uansett kjem til å google den gongen ein faktisk treng dei i ein situasjon utanfor eksamenslokalet, eller bør ein trene på å finne, forstå og nytte seg av denne overveldande mengda av informasjon på ein ordentleg måte?
Sjølv om studenten har tilgang på hjelpemiddel, vil vedkommande automatisk lære seg det viktigaste pensumstoffet
No meiner ikkje eg at ein ikkje skal lære seg modellar eller teoriar på ein måte som gjer at ein kan framkalle dei frå sitt eige hugse. Derimot meiner eg at relativt små detaljar i mange tilfelle er unødvendige å pugge.
Å lære seg teoriar, å kunne knyte rett namn til rett innhald, er essensielt – men denne lærdommen vil ein også få, kanskje til og med i større grad, gjennom å aktivt nytte teoriane i oppgåveskriving.
Sjølv om studenten har tilgang på hjelpemiddel, vil vedkommande automatisk lære seg det viktigaste pensumstoffet, nettopp fordi han eller ho har jobba så mykje og så grundig med det. Å sidestille pugging med læring er ei førestilling som heng att frå tida då me ikkje hadde all verdas kunnskap i lomma.

Illustrasjonsfoto: Ivan Aleksic, Unsplash.com
Større, tverrfaglege oppgåver?
Eg seier ikkje at skuleeksamen må utryddast i morgon, eller at det aldri er det beste alternativet – men kanskje koronaen, slik den har sett fokus på det å kunne arbeide heimefrå, også kan vise at utføring av heimeeksamen er eit fullgodt alternativ.
Kanskje kan fag som har halde fast ved skuleeksamen der det eigentleg ikkje er naudsynt, no bli tvinga til å tenkje nytt.
Dette kan igjen føre til ei forståing av at ein ikkje alltid treng å hindre tilgang til og bruk av hjelpemiddel, men at ein heller bør omfamne desse til bruk i større (og kanskje til og med tverrfaglege?) eksamensoppgåver.
Og kanskje vil alt dette føre til at fleire ser på ei slik eksamensform, som er fri for lange transportetappar og irriterande sidekameratar, som eit aktuelt alternativ også i framtida.
Les også: Byfolkets lengsel etter bygdelivet under koronakrisa