«Kor kjem du eigentleg frå?»

Elise Drillestad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett saman med 450 andre ungdommar over heile landet, og blei plukka ut til å publisert.

Dette er eit spørsmål eg aldri sjølv har vorte spurt eller spurt andre om, men eg kan skjønna kvifor akkurat dette spørsmålet kan opplevast tungt for nokon. Samtidig som det òg for nokon er eit ganske enkelt svar på det. Alt avheng av kven du er som person. Er du innadvendt, omgjengeleg, introvert eller ekstrovert?

Elise Drillestad (16) skriv om å vera adoptert frå Kina. Foto: Privat

Eg. Eg er innadvendt og veldig nervøs rundt andre menneske. Hadde ein kjent spurt meg om dette, ville eg nok ha vorte litt redd og usikker. For ein person som er veldig open om seg sjølv, vil eg tru at spørsmålet er ganske enkelt å svara på. Alle er ulike. Det er viktig å hugsa.

Eg ser på dette spørsmålet som eit vanskeleg spørsmål, for har vi eigentleg eit ordentleg svar på det? «Kvar kjem du eigentleg frå?» skal vi ta det frå byrjinga med the «Big Bang» eller er svaret så enkelt som «Eg kjem frå mora mi». Svaret skal ikkje vera lett. Nokon skammar seg kanskje over kvar dei er frå, eller kjem frå ein stad der det ikkje er så bra å veksa opp.

Eg er opphavleg frå Kina. Eg har norske foreldre og anar ikkje kven dei biologiske foreldra mine er. Eg har heller ingen aning om eg har nokre søsken. Men dette vil eg seinare finna ut av. Eg har lenge hatt lyst til å ta ein DNA-test, men det er litt skummelt òg. For tenk om eg finn ut noko eg ikkje vil finna ut?

Ville ikkje mora mi ha meg? Var ho ikkje kapabel til å ta vare på meg? Ville ho meg berre godt? Vart eg bytt ut med ein gut?

Eg har mange gonger lurt på korleis livet mitt ville vore om eg ikkje hadde vakse opp i Noreg med adoptivforeldra mine. Hadde eg i det heile levd no? På den tida eg vart levert på barneheim i Kina, ville ikkje folket i Kina ha jenter. Eg har mange gonger fundert over kvifor eg vart levert på barneheim. Ville ikkje mora mi ha meg? Var ho ikkje kapabel til å ta vare på meg? Ville ho meg berre godt? Vart eg bytt ut med ein gut? Vart ho tvinga til det?

Det eg veit, er at om eg så skulle finna ut kven dei biologiske foreldra mine, då det er så å seia umogleg å finna ut, ville eg aldri ha valt dei over adoptivforeldra mine. Dei er foreldra mine, og vil alltid vera det.

Noko eg vil finna ut derimot, er om eg har ein bror. For det er noko eg alltid har ønskt meg. Eg vil òg besøka heimlandet mitt ein gong seinare. For å sjå korleis livet mitt kunne ha vorte.

– Til den dag i dag har eg litt trøbbel med å svare på spørsmålet, kvar gong eg blir spurt kvar eg kjem frå. For kva skal ein svara når ein tilhøyrer begge, men samtidig ingen? spør Aleš Bara Strnad (19).