Aleš Bara Strnad (19) vann skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett med teksten «Usynleg utlending».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Å vinna skrivekonkurransen kom som ei ordentleg gladnyheit i desse tøffe tidene, skriv Aleš Bara Strnad (19) i ein e-post til Framtida.no.
I konkurranse med 450 andre ungdommar over heile landet vann han skrivekonkurransen «Kor kjem du frå?».
– Eg opplever det som litt surrealistisk, men det gjer meg glad at teksten vart godt tatt imot og eg har blitt litt meir stolt av skriveferdigheitene mine, legg 19-åringen frå Fredrikstad til.
– Kvifor valde du å skriva om dette temaet?
– Då eg såg spørsmålet «Kor kjem du eigentleg frå?», trefte det meg. Eg har mange tankar rundt nettopp dette, sidan eg har høyrt det ofte og stilt meg sjølv det spørsmålet gjennom livet mitt. Spesielt sidan eg aldri fann noko godt svar. Då var det naturleg å velja dette temaet og ta sjansen på å uttrykka meg.
Kjenner fleire som har fått same spørsmål
Sjølv er Aleš Bara Strnad fødd i Tsjekkia og flytta til Noreg som liten saman med kjernefamilien.
I vinnarteksten skriv han mellom anna:
«Men du er jo norsk-» seier dei. «Eller, kor kjem du eigentleg frå?» Spørsmålet følgjer som oftast rett etter. Eg opplever det som vanskeleg.
– Det handlar alt i alt om tilhøyrsle og identitet. I møte med andre kan det bli vanskeleg, for då skal dei sjølve gjerne bestemma kor eg «verkeleg» høyrer til. Personleg, opplever eg det allereie vanskeleg å finna balansen mellom bakgrunnen min og oppveksten min i Noreg. Men samtidig er eg like stolt av å høyra til begge. For meg hadde det å gi slepp på den eine eller andre tilhøyrsla vore feil, utdjupar Aleš Bara Strnad.
– Eg kjenner sjølv andre som blir stilt spørsmålet oftare enn meg – og tenker derfor at dette er noko mange kan relatera seg til, held han fram.
Vil studera i utlandet
No går han siste året på studiespesialisering på Frederik II vidaregåande skule i Fredrikstad.
– Kva vil du gjera etter vidaregåande?
– Etter vidaregåande vil eg studera ein dobbel-bachelor i anten Canada eller England innanfor kriminologi. Eg håpar å få sjansen til å jobba med kriminalitet og andre menneske.