«Eg lærte meg sjølv å kjenne på psykiatrisk sjukehus»

Maria Josephine Bjørkli
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett i konkurranse med 450 andre ungdommar over heile landet, og blei valt ut til å bli publisert.

Eit fuglereir kan vere bygd veldig enkelt, men det kan også vere veldig komplisert og kunstnarisk utført.

I nokre fugleartar bygger hannen og hoa reiret saman, mens i andre artar bygger hannen fleire reir som hoa kan velje mellom. Eg har aldri heilt funne ut av kva for eit reir eg kjem frå. Når nokon spør meg kor eg kjem frå, er det sjølvsagt ganske lett å ty til huset mitt. Men da rykker det alltid litt ekstra i magen. Eg kjem jo ikkje frå huset mitt, for huset mitt er det tiande i rekka over bustadar eg har hatt adresse.

Det som kanskje er enda meir sjokkerande enn at eg har budd i ti hus, er at den einaste staden eg verkeleg følte meg heime, var på ein institusjon for ungdom med eteforstyrringar. Det kan verke spesielt å ha eit psykiatrisk sjukehus som heim. Oppførsel, rutinar, reglar og tvang blir kvardagen din på ein slik stad. Likevel var det på denne staden eg lærte meg sjølv å kjenne.

Her utvikla eg kapasiteten min, ikkje berre med omsyn til mat og sjølvbilde, men også med omsyn til tenkemåten min og problemløysing. Eg fann standpunkta mine, grensene mine og lærte meg at det å stå opp for meiningane mine er det kulaste eg kan gjere.

Eg fann standpunkta mine, grensene mine og lærte meg at det å stå opp for meiningane mine er det kulaste eg kan gjere.

Ute i samfunnet er det stadig forventningar til deg: på skulen, heime, ute blant framande og saman med kjente. Eg hadde aldri eit ordentleg trygt fuglereir å flyge heim til tidlegare, samfunnet var rett og slett for mykje for meg. For mange er det å miste fridomen det verste ein kan tenkje seg, men for meg var det naudsynt for å kunne utvikle meg på ein sunn måte.

Press frå skule, venar og samfunnet er det som i dag gjer flest unge psykisk sjuke. Dette presset eksisterte ikkje i mine sju månader på institusjon. Dei einaste forventningane personalet hadde til meg var at eg åt maten min, og fortalte dei om vanskane mine. Problem kom naturlegvis når eg nekta å ete maten min, men sjølv når eg låg og blei halden nede av sju nærmast framande for å få mat, følte eg meg meir heime enn det eg gjer ute i det fri.

Nå sit sikkert du og tenkjer at eg er ei sprø tenåringsjente som likar å vere under tvang, men det er ikkje dette som gjer at institusjonen eg var på kjentest så trygg og heime. Det er ikkje så mange stadar det er greitt å vere ein blome med knoppar på i oktober-månad.

I samfunnet er det forventa at du leverer der du skal levere. På institusjonen var det greitt å ikkje vere ferdigblomstra når du burde ha vore det. Det var greitt å ikkje føle seg 100 prosent. Det var greitt å ta utfordringar i sitt eige tempo. Dette gjorde at eg som ung tenåring klarte å mobilisere ressursane mine på ein måte som gjorde meg til ein sterkare ressurs for samfunnet eg nå er ute i.

Det aller finaste frå opphaldet mitt er kanskje tankane om kva eg har lyst til å jobbe med når eg er ferdig utdanna

Det er sjølvsagt litt trist å ikkje kunne seie at heimen min er ein stad der kjærleik og samhald står i hovudfokus, men institusjonen blei ein heim for meg.

Og det aller finaste frå opphaldet mitt er kanskje tankane om kva eg har lyst til å jobbe med når eg er ferdig utdanna. For vi vender jo alle heim til reiret vårt når tida er inne, ikkje sant?


Anne Marie Storhaug (18) skriv om heimplassen sin Gjerøy i Nordland: «Ute på kanten av landet går fellesskapets varme og einsemdas kulde hand i hand»

Anne Marie Storhaug (18) frå Gjerøy i Rødøy kommune i Nordland går på Gjennestad videregående skole. Foto: privat