Fleire studentar fullfører raskare
Rett nok fullfører fleire studentar utdanninga på den tida dei skal, men utdanningsministeren er langt frå nøgd.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Pilene peikar i rett retning, men det går for tregt. Eg skulle gjerne sett at tala var betre. Regjeringa har justert systemet for korleis universiteta og høgskulane blir finansierte, slik at dei no blir påskjønte viss studentane fullfører grader, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Delen bachelorgradsstudentar som fullførte på tre år, auka frå 48,6 prosent i 2018 til 49,8 prosent i fjor. Det tyder at om lag 550 fleire studentar gjennomførte på normert tid samanlikna med året før.
For mastergradsstudentane auka delen frå 54,2 prosent til 55,7 prosent. Det svarar til 170 fleire studentar, ifølgje tilstandsrapporten for høgare utdanning, som blir offentleggjord torsdag formiddag.
Store forskjellar
Det er store forskjellar mellom utdanningsinstitusjonane. Ved Universitetet i Oslo, Universitet i Bergen og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet fullfører berre knapt 40 prosent ein bachelor på normert tid.
Spesialiserte høgskular som Noregs idrettshøgskule og Kunsthøgskolen i Oslo ligg langt høgare med høvesvis 62 og 69 prosent på bachelor. Også institusjonar med tyngd på profesjonsutdanningar, altså utdanningar der du kvalifiserer for visse yrke, har høgare gjennomføringsgrad.
Rekordmange doktorgradar
– Dette kan henge saman med at når du tek ei profesjonsutdanning, er det tydelegare kva utdanninga kan brukast til i arbeidslivet, og det er meir organisert opplegg under studiet, seier Asheim.
Regjeringa kjem med ei stortingsmelding neste vår som tek for seg korleis større delar av høgare utdanning kan bli tettare knytt til arbeidslivet.
Tilstandsrapporten viser òg at talet på avlagde doktorgradar held fram med å stige. Med 1.583 avlagde doktorgradar i 2019 er det andre året på rad med rekordhøgt tal.