«To forskjellige liv – grunnen er skilte foreldre»

Emma Moltu Sundgot
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett i konkurranse med 450 andre ungdommar over heile landet, og blei valt ut til å bli publisert.

Frå Dimna. Foto: Privat

Dimna, barnelatter, lukta av gras på ein varm sommardag, fjøra der du kan hive fiskekroken langt ut for å så dra den inn igjen å håpe på ein nokså stor fisk.

Hoppe på trampolina så høgt at du svevar i lufta høgt over bakken, å gå opp og ned den vesle haugen med akebrettet i den eine handa og snø i den andre som snart skal bli slukt.

Boblene du blæs frå zalo-vatnet du miksa inne på det koselige lisje kjøkkenet, påskeblomane du plukkar fra den digre hagen slik  at pappa kan sette dei i eit glas med vatn. Leiking, speling, latter, fisking, og kjærleik. Ekstremt mykje kjærleik.

Herøy, forståing, læring, kjensla av dei tunge regndråpane som treffer fjeset i det du går på veg mot skulen. Alle dei ekstremt vanskelege, men viktige tinga som har blitt lært, uroa med å bu heilt inntil ein veg.

Maset om at du må skjerpe deg fra både deg sjølv og andre, hjelpa du har fått til å bli eit betre menneske. Menneska du har lært deg å kjenne og er så ekstremt glad i. Lisjebroren du snart skulle få, og ein fantastisk bonusfamilie. Kjensla av å endeleg få ditt eige rom med din eigen plass og din eigen fridom. Alle dei fantastiske, og kanskje ikkje slett så fantastiske folka du skulle møte, der alle har vore ein svært viktig del av livet.

Latteren, grininga, kranglinga, sinnet, hormonane, gledelege minne, og kjærleik. Ekstremt mykje kjærleik. Ein plass der alt kanskje var vanskelegare fordi du endeleg skulle vekse opp og bli tenåring.

Utsikt over Fosnavåg og Herøy. Foto: Privat

Dimna og Herøy, er der eg vaks opp. Det verkar som to heilt forskjellige verder. For å forklare kort så bur eg på begge desse plassane fortsatt, den eine ein del meir enn den andre. Grunnen er skilte foreldre.

Dei to plassane har mykje å seie for kven eg er i dag på to forskjellige måtar. På begge sider har eg opplevd forskjellige ting, hatt ulike problemstillingar, og vore omringa av forskjellige folk.

Nokre gonger kan det være overveldande, det skjer så mange forandringar, ikkje berre frå ei, men frå to sider. Så når pappa får ein ny kjærast kan eg kanskje smile å vere full av glede, medan når mamma får ein ny kjærast kan eg vere meir kritisk og nesten ufornøgd i starten, men etter tid innsjå kor fantastisk det skulle bli.

Nokre gonger spør eg meg sjølv, korleis hadde livet vore om mamma og pappa fortsatt var saman?

Nokre gonger spør eg meg sjølv, korleis hadde livet vore om mamma og pappa fortsatt var saman? Da hadde eg sikkert opplevd alt på Dimna. Hadde eg vore ein betre person? Hadde eg vore verre? Kanskje eg hadde vore nesten den same, berre med andre opplevingar, gleder, sorger og problem.

Skal eg vere heilt ærleg trur eg det som har skjedd har vore til det beste. Pappa er glad på Dimna med dama si, og mamma er glad i Herøy med mannen sin. Eg er ganske fornøgd sjølv også, eg har to fantastiske bonusfamilier, og to plassar eg kan føle meg heime.

Sanninga er at om eg hadde blitt verande på Dimna og aldri hadde flytta til Herøy ville eg ikkje ha vore den eg er i dag.

Eg hadde ikkje gått gjennom dei tinga eg trong å gå gjennom, eg hadde ikkje møtt dei folka eg trong å møte, eg hadde ikkje gjort dei same tabbane og lært av dei og eg hadde ikkje gjort dei samme gode tinga. Eg hadde ikkje hatt all lærdommen og forståinga mi, og alt det bringer med seg. Det er absolutt ingenting eg ville forandra eller bytta på i livet mitt.

Les også teksten til Mir Rahman (18) om spørsmålet «Kor kjem du frå?»: – Svært få innser kompleksiteten i dette spørsmålet. Det er nesten som ein slags fleirvalsoppgåve der alle alternativ høyrest like ut: A) Fredrikstad B) Kurdistan

Mir Rahman kor kjem du frå?

Mir Rahman (18) er går på Frederik II videregående skole i Fredrikstad. Foto: Privat