Yrket mitt: Erlend (22) er elektrikar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil anbefale ungdom som vurderer å jobbe innanfor byggebransjen å vere med på arbeidsdagen til ein elektrikar. Her får du sjå korleis kvardagen til ein elektrikar kan vere, fortel Erlend Jonli på e-post til Framtida.no.

Det var slik 22-åringen sjølv bestemte seg for å verte elektrikar, då han hadde utplassering på ungdomsskulen.

– Eg var med på nokre spennande arbeidsdagar som gjorde at eg vart veldig interessert i elektrikarfaget.

Elektrikarmangel

Det er heller ingen løyndom at Noreg treng fleire elektrikarar. Det har NAV si årlege bedriftsundersøking synt i fleire år.

Då NAV la fram undersøkinga i 2019 mangla det heile 2400 elektrikarar i landet. I tal personar, var det berre sjukepleiarar, helsefagsarbeidarar, tømrarar og snikkarar det var større behov for.

Dersom du vil verte elektrikar lyt du gå to år i skule, og så ha to og eit halvt år som lærling før du kan ta fagprøva.

– Eg vil seie at utdanninga har lagt eit godt grunnlag for å jobbe som elektrikar, sjølv om det framleis er mykje å lære innan yrket, fortel Erlend Jonli.

Utfordrande å halde tritt med utviklinga

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Til dagleg køyrer eg på serviceoppdrag både til bustad- og industribygg. Dette skapar veldig varierande arbeidsdagar, der eg få jobbe på mange ulike installasjonar.

Erlend Jonli fortel at måten ein byggjer bustadhus på har utvikla seg mykje, og at arbeidet ein som elektrikar utfører no er annleis enn det det var for nokre år tilbake. Nye installasjonar fører til nye krav:

– Vi må alltid finne ei god løysing på jobben vi skal utføre, som er i samsvar med dei nye standardane som er sette.

– Det kan vere eit nytt smarthus, der det er mange moderne løysingar, eller eit gammalt bustadhus, der det er ein enkel installasjon, men vi må gjere mange endringar for å tilfredsstille dagens standard.

22-åringen forklarar at det til tider kan vere utfordrande å halde seg oppdatert på alle installasjonane han kjem til, men at ein samstundes har mange hjelpemiddel som gjer denne delen av jobben lettare.

– Det er også spennende for oss som jobber med yrket! fortel Jonli.

– Kva er det beste med jobben?

– Eg trivst veldig godt med å kunne planlegge kvardagen min sjølv. Her har eg mykje kontakt med kundane, og synest dette er kjekt. Det er også artig å sjå at dei same kundane har lyst til å bruke oss igjen.

Skal representere Noreg i elektro-EM

– Kven passar yrket for?

– Yrket passar for deg som er interessert i tekniske løysingar og har lyst til å utfordre deg sjølv. I jobben har du også mykje ansvar, der du må ta mange val og finne ulike løysingar tilpassa kunden.

Samstundes rår 22-åringen ungdom til å konkurrere for å spisse ferdigheitene sine på den måten:

– Dette er veldig lærerikt og du treffer mange menneske med interesse for faget sitt.

Sjølv har Jonli delteke i NM i elektro, og i januar skale han til austerikske Graz for å representere Noreg i elektro-EM.

– Der håpar eg å gjere det best mogeleg med tanke på resultatet.

Martin N. Kuntze testar ein overvakingsmodul til ein av de nye SVC-anlegga på eitt av laboratoria. Foto: Privat

Erlend Jonli

Alder: 22

Frå: Rindal i Trøndelag

Yrke: Elektrikar

Utdanning: Fagbrev i Elektrikerfaget Studere Elkraft ved chr. Thams Fagskole