Mari Hansen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Madeleine Thiis Vestrheim har vore aktiv i foreninga i seks år. No har ho òg fått ein plass i Landsstyret i DNT Ung.

– Eg har vokse opp på fjellet. Både mamma og pappa er veldig friluftsinteresserte. Begge er aktive i Odda/Ullensvang turlag. Eg har sikkert fått det inn med morsmjølka, eg har vore ute sidan eg var lita. Eg har sett gleda av å vera ute og eg har sett kor lite som skal til for å trivast i naturen, seier Madeleine Thiis Vestrheim.

I dag bur Vestrheim i Porsgrunn og går på sjukepleien. Ho har jobba i heimesjukepleien under Koronakrisa.

Madeleine Thiis Vestrheim

Ein fisketur kan vera ein fin måte å koma seg ut i friluft på. Foto: Privat

Starta opp DNT Ung i Odda

Det året Madeleine vart 16 vart ho spurd om ho ville vera med å starta DNT Ung i Odda. Det synes ho var veldig kjekt og spennande. Då hadde hadde ho akkurat slutta med fotballen og synes det passa bra.

Madeleine har vore særs aktiv til å få andre til å melde seg inn i foreininga.

– Eg ser kor mykje det har betydd for meg sjølv fysisk og psykisk. Å koma seg ut. Ungdomen sit for mykje inne, når ein har så mange moglegheiter ute. Ein ser at det kjem fleire og fleire med psykiske lidingar og mykje depresjon. Eg synes det er veldig viktig å vera med å bidra til at det skal verte mindre av det, fortel Vestrheim.

Fin møteplass

Den Norske Turistforeining er ein fin møteplass for å få nye vener og ny kunnskap. Å koma seg ut å få den friske lufta. Å få meistringskjensle, det skal ikkje så mykje til for å få ei god kjensle og få gode opplevingar, det synest 21-åringen er veldig viktig.

Madeleine Thiis Vestrheim

Madeleine Thiis Vestrheim (21) arbeider for å få fleire av våre nye landsmenn ut for å oppleva gleda i friluftslivet. Foto: Privat

Grunnen til at akkurat ho har vunne denne prisen trur ho er fordi ho har vore så engasjert, og lagt ned mange timar i organisasjonen med frivilleg arbeid. Grunngjevinga for at ho vart heidra med prisen var, at ho hadde gjort eit så målretta arbeid med inkludering og integrering.

– Eg synest det er viktig at vore nye landsmenn finn gleda i naturen. Noreg er jo veldig flott. Samhaldet når me er ute på tur på turiststiane. Folk er så hyggelege og imøtekommande, det er noko heilt spesielt. Det å få våre nye landsmenn ut for å få det fellesskapet og tilhøyring, det må vera noko heilt spesielt for dei òg, seier den naturglade jenta.

5 reisetips i Noreg frå Madeleine

1. Oksen i Hardanger: Den er fantastisk flott. Når du står på toppen og du ser dei tre fjordane møtest. Den er ikkje så kjend, der er det ikkje så mykje folk. Den er nok den mest spektakulere eg har vore på i Noreg. Den er til å anbefala.

Oksen i Hardanger

Frå Oksen har du utsikt til heile Hardanger. Foto: Jørn Eriksson, CC BY 2.0-lisens

2. Trolltunga i Hardanger:  Der er det meir folk, men den må du ha på lista di.

Trolltunga

Trolltunga er ein steinformasjon som står rett ut frå fjellet i ei høgd på om lag 700 meter over Ringedalsvatnet og 1100 meter over havet. Trolltunga ligg i Tyssedal i Ullensvang kommune. Foto: Espen Faugstad, CC BY 2.0-lisens

3. Gaustadtoppen:  Den er og noko heilt spesielt, men den er noko heilt anna. Der går du litt meir i stein og steinrøyser i motsetnad til Trolltunga der du har fantastiske vegar. «Det er nesten motorveg bortover der».

Gaustadtoppen friluftsliv

Gaustatoppen (1883 moh) ligg i Tinn kommune, sør for Rjukan. Gaustatoppen er det punktet i Noreg med størst utsikt, målt i kvadratkilometer. Under ideelle forhold har ein utsikt over om lag ein sjettedel av arealet av fastlands-Noreg. Foto: frofid, CC BY 3.0-lisens

4. Lågterskel: Berre gå ut finna seg eit vatn. Helst med vegen, slik at du kan køyra heilt fram. Og berre nyta friluftslivet.

5. Kjeragbolten: Der har eg ikkje vore, men eg har tenkt å ta ein tur i mai. Eg tenkte å koma meg der, før turistsesongen startar for fullt. Kjeragbolten ser ganske spesiell ut og har noko eige ved seg.

friluftsliv

Kjeragbolten er en stein som er 5 m³ stor og er kilt fast i ei kløft i fjellet 959 meter over Lysefjorden. Foto: Scoundrelgeo, CC BY-SA 4.0-lisens

LES OGSÅ: Her er DNT ung-leiaren sine beste sommarturtips

Turen over Besseggen er ein av Noregs mest kjente og populære turar. Her frå sesongopninga i 2015. Foto: Marius Dalsæg Sætre/DNT