Allemannsretten er ukjent for mange barn og unge
Mange barn og unge veit ikkje om retten til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Noreg. Det bekymrar Norsk Friluftsliv og Friluftsrådenes Landsforbund.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ei undersøking gjort på vegner av organisasjonane viser at over halvparten av barn og unge ikkje veit kva allemannsretten er. Svara kjem frå 800 barn og unge mellom åtte og nitten år. Berre 41 prosent svarar ja på spørsmålet om dei har høyrt om allemannsretten.
Veit du kva allemannsretten er?
Veit du kva allemannsretten er?
Visste du at det finst hemmelege hytter gøymde i norske skogar? Sjå bileta her.
Oppmodar skulen til å ta ansvar
– Allemannsretten er ein sentral del av kulturarven vår, og ein nøkkel til gode opplevingar heile livet. Om barna ikkje hugsar namnet «allemannsretten» så er det i alle fall viktig at dei får kjennskap til, og praktisk erfaring med retten til og pliktene ved å ferdast i utmark, seier styreleiar Erling Lae i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.
Unge mellom 16 og 19 er betre kjent med retten til å ferdast i utmarka. Her kjenner 53 prosent til allemannsretten.
Norsk Friluftsliv og Friluftsrådenes Landsforbund peikar på at læreplanane seier at elevane skal læra om allemannsretten, og dei oppmodar skulane til å løfta fram denne kunnskapen.