Til hausten er artist og sjukepleiar Marthe Valle (37) aktuell med plata «Makta og Kjærligheten», og i songtekstane kjempar ho for sakene som ligg hjarta nærast.

Mari Hansen
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Plata handlar om kontrastane i livet. I møte med ei verd som stadig endrar seg. Og der mykje til tider kan kjennast håplaust. Kvifor er kjærleiken då så viktig å halda fast i? spør Marthe Valle.

Artisten frå Harstad, som er busett i Bergen, fortel om ei plate der ho skriv med mindre filter. Ho har ein intensjon at songane skal kome meir frå levra eller hjarta, alt etter som.

– Eg skriv tekstar kring tematikken eg brenn for, og veit at bodskapen ofte vert endå sterkare gjennom musikk. Musikken opnar opp nye rom i oss og gjer oss mottakelege på andre måtar, fortel 37-åringen.

Sjå den nye videoen til songen Makta og kjærligheten her: 

– Me har ikkje meir rett på tryggleik

Ei av sakene som ligg hjarta til artisten nærast, er rettane til flyktningar og menneske på flukt. Tematikken løftar ho både gjennom musikken, og i media og på sosiale medium.

– Det er viktig for meg fordi eg meinar at me i Noreg ikkje har noko meir rett på tryggleik – og grunnleggande menneskerettar – berre fordi me er så heldige å vera fødde her. Tusenvis av menn, kvinner og born vert haldne i inhumane leirar i Hellas, fordi Europa ikkje vil ta i mot dei. Det er ei stor skam, slår Valle fast.

Foto frå fyktningleiren Vial på Chios av Ida Johanne Aadland, som var frivillig der tidlegare i år.

Valle er utdanna sjukepleiar og har sjølv arbeidd frivillig i flyktningleirane i Hellas. No står ho på barrikadane for å krevje at borna i Moria-leiren vert henta heim til Noreg.

– I ei verd som endrar seg både med tanke på konfliktnivå og klimaendringar, er me heilt avhengige av nye løysingar. Å forårsaka meir liding, er ikkje ei løysing eg kan stilla meg bak.

Evig jag etter perfeksjon

På heimebane er Valle særleg engasjert i psykisk helse. Saman med Bergen Sanitetsforening har ho arbeidd med konsertføredrag om psykisk helse for ungdomstrinnet på skular Bergen kommune.

Valle er oppteken av korleis media og influenserar påverkar oss, og er sitt eige ansvar bevisst:

– I mi verd er det sånn at det å ha ei stor plattform, gjev eit ytringsansvar. Me lever i ei tid der me konstant vert bombardert med visuelle inntrykk. Dei skapar både kroppspress og kjøpepress. Unge er særleg sårbare for dette, men presset gjer noko med oss alle, seier artisten og utdjupar:

– I ei tid der psykisk helse er i fokus, er det særs viktig for meg å setje fokus på kva det evige jaget etter perfeksjon gjer med oss og livskvaliteten vår. Eg trur både media og mange influenserar kan stille seg spørsmålet, kva verd er de med på å skapa?

Det som held ein gåande i motbakke

Sjølv med fire plater, Spellemannspris og Melodi Grand Prix-deltaking bak seg, er Valle noko tilbakehalden med å anbefala andre å verte artist.

– Det kjem veldig an på, det er ei knalltøff tilvære å vera frilansartist. Du har ikkje fast løn og det er mange om beinet. Samstundes er me veldig priviligerte som er musikarar i eit land som har så mange offentlege støtteordningar.

Men det som er sikkert, er at eit ynskje om å verte rik og berømt som artist ikkje er det som trengst:

– Den aller største drivkrafta må vera kjærleiken til musikken. Og at du ynskjer å formidla noko i verda. Det er det som held meg gåande, når eg jobbar i motbakke.

Øvst frå venstre: Skodespelar Helene Bergsholm, Ole Christoffer Ertvaag, Inga Ibsdotter Lilleaas, Tobias Santelmann, filmregissør Iram Haq og redesignkjendis Jenny Skavlan er blant dei som ber regjeringa evakuere borna frå Moria-leiren. Foto: Instagram