Regjeringa vil gje tidlegare studentar betalingsutsetjing i meir enn tre år
Regjeringa foreslår å endre lova for utdanningsstønad permanent, slik at Lånekassen kan gi betalingsutsetjingar i meir enn tre år.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Alle med studielån har høve til å utsetje den månadlege innbetalinga 36 gonger, tilsvarande tre år. Gjennom den mellombelse koronalova har Lånekassen fått lov til å gi betalingsutsetjingar òg til dei som har nådd denne grensa, men koronalova sluttar å gjelde i mai.
No foreslår Kunnskapsdepartementet å endre utdanningsstønadslova permanent, slik at Lånekassen i spesielle tilfelle kan gi betalingsutsetjingar i meir enn tre år.
– Ekstra betalingsutsetjingar på studielånet er ein enkel måte å avlaste dei som no slit med å få endene til å møtast. Det betyr at dei får ei utgift mindre å tenkje på, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.
Han seier det har vore ein klar auke i søknader om utsetjing dei siste vekene, noko som viser at behovet er der.
– Derfor endrar vi no lova, seier statsråden.