Frå hausten tilbyr Lånekassen lån til du er 50
Frå neste studieår kan du søke om lån til du er 50 år, utan at støttebeløpet blir redusert. I dag er aldersgrensa 45 år.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I tillegg blir aldersgrensa heva for når lånet må vere tilbakebetalt, frå 65 til 70 år.
Vidare blir kravet fjerna om minst 50 prosent studiebelastning for å få støtte. Dermed kan ein få støtte òg om ein til dømes studerer 20 prosent ved sidan av jobb.
– Lånekassen vil bidra til at flest mogleg fullfører vidaregåande opplæring, seier administrerande direktør Nina Schanke Funnemark i Lånekassen.
Nær 600.000 vaksne i alderen 25 til 66 år har i dag ikkje fullført vidaregåande opplæring.
Dei nye ordningane gjeld òg for studentar i høgare utdanning, men her er tilleggslånet avgrensa til 100.000 kroner årleg og maksimalt 200.000 kroner.