Greta Thunberg med koronakampanje for Unicef
Saman med danske NGO Human Act har den unge klimaaktivisten starta støttekampanje for UNICEF sitt arbeid for barn i koronakrisa.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Som klimakrisa er koronavirus-pandemien ei krise for barnerettane. Det vil påverka alle barn, både no og på lengre sikt, men sårbare grupper vil bli mest råka. Eg ber alle om å bli med meg i å støtte UNICEF sitt viktige arbeid for å redda barns liv, beskytte helsa og halde fram utdanning, seier Greta Thunberg (17) i ei pressemelding.
Den svenske klimaaktivisten lanserte torsdag kampanjen for å støtte UNICEF sitt arbeid barn etter konsekvensane frå Covid-19. Dette inkluderer mellom anna matmangel, eit pressa helsevesen, vald og tapt utdanning.
– Vi er imponerte og takknemlege for at Greta og hennar støttespelarar ynskjer å engasjere seg for barn som lid ekstra mykje på grunn av koronasituasjonen, og ikkje minst for at dei ynskjer å gjere dette saman med UNICEF, seier generalsekretær Camilla Viken i Unicef Norge til NTB.
- Les også: Greta har mest truleg hatt koronavirus
Donerer to millionar kroner
Kampanjen går ut på å oppmoda til donering til UNICEF, så dei kan halda fram sitt arbeid for barn i dei 190 landa dei er i.
Thunberg fekk nyleg ein pris på 100.000 dollar frå Human act for si globale aktivisme. Dette blir i tillegg til 100.000 dollar frå Human act, donert til UNICEF som ein kickstart til kampanjen. Litt over 2 millionar norske kroner til saman.
Pengane frå kampanjen vil gå rett til UNCEF sitt nødprogram mot Covid-19, som inkluderer å sikra såper til folk, masker, hanskar, hygiene-sett, verneutstyr, livsviktig informasjon og anna støtte til helsevesenet.
Greta Thunberg (17) møtte sitt førebilete Malala Yosafzai (22) i februar, kort tid før koronapandemien råka heile verda. Foto: Greta Thunberg/Twitter