Greta Thunberg ber aktivistar unngå store samlingar

Klimaaktivist Greta Thunberg organiserer inntil vidare klimastreiken «Fridays for Future» på internett for å unngå at demonstrantar samlast.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Thunberg bad onsdag om at alle som følgjer klimakampen, må unngå å møtast i store masseprotestar sett i lys av spreiinga av koronaviruset.

Ho gav følgjarar av rørsla klar beskjed om at dei må lytte til råd frå helsestyresmakter, som stansar samlingar av store folkemassar for å bremse utbreiinga til viruset.

– Vi unge er minst ramma av viruset, men det er svært viktig at vi handlar i solidaritet med dei som er mest sårbare, og at vi handlar i tråd med det som er best for det felles samfunnet vårt, skreiv ho på Twitter.

#DigitalStrike

– Klimakrisa og den økologiske krisa er dei største krisene menneskja har møtt, men no (avhengig av kvar du bur) må vi finne nye måtar å skape medvit og jobbe for endring på ein måte som ikkje inneber store folkemengder, skriv ho.

17-åringen oppmodar no aktivistar til å delta i klimastreiken «#DigitalStrike for upcoming Fridays». Deltakarar kan legge ut bilde av seg sjølv på nettet med eit skilt om at dei klimastreikar.

  • Les også reaksjonane på at eit saudiarabisk oljeselskap fekk ein framandarbeidar til å kle seg som ein menneskeleg handdispenser: – Rasisme

Dette biletet av ein framandarbeidar i det saudiarabiske oljeselskapet Saudi Aramco vert kritisert på Twitter. Foto: Hisham Fageeh, Twitter