Den nye LNU-leiaren: – Det viktigaste ein kan gjere for å forme samfunnet, er å organisere seg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur det viktigaste ein kan gjere for å forme samfunnet vårt, er å organisere seg – og LNU styrker mogelegheita for barn og unge til å gjere nettopp det, fortel Isa Maline A. Isene på e-post til Framtida.no.

27-åringen er eigentleg utdanna museolog, men frå juni av tek ho til som ny leiar for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).

LNU er ein paraplyorganisasjon for 98 norske barne- og ungdomsorganisasjonar. Dei jobbar for å fremje saker knytt til ungdomsfrivilligheit politisk, samt å heve kompetansen deira og forvalte ulike støtteordningar.

Fram til den nye arbeidskvardagen tek til, arbeider ho heimanfrå som så mange andre.

– Det vert mykje kaffi og skjerm. Men katten min er glad for at eg er mykje heime, fortel Isene.

Vil avgrense koronakonsekvensane

Isa Maline Isene vart vald til ny leiar av organisasjonen førre veke, då historias første digitale Barne- og ungdomsting vart avhalde. Men den øvrige sakslista var usedvanleg kort.

– Vi hadde eigentleg tenkt å ta opp viktige saker som arbeidsprogram, kor vi skulle bestemme kva LNU skal jobbe med dei neste to åra. Dessverre måtte vi utsetje det, men vi fekk i alle fall nytt styre! forklarar 27-åringen.

Det er likevel klart at ein av dei viktigaste sakene i år vert å avgrense konsekvensane av pandemien:

– Akkurat no er det å sørgje for at den unge frivilligheita ikkje lir store økonomiske tap på grunn av koronakrisa.

Men Isene fortel også at LNU vil bruke tid på å vise kor mykje verd ung frivilligheit er, og følgje opp politiske vedtak knytt til tilgang til lokale.

– I tillegg kjem vi til å jobbe med 16-årig stemmerett, basert på kva som vert resultatet av vallovutvalet si tilråding som kjem i midten av mai, fortel den nyvalde leiaren.

Vallovutvalet vart sett ned i 2017, og fekk då i oppgåve å granske korleis norske val vert gjennomførte. Utvalet skal lage eit forslag til ny vallov og vurdere kor vidt ein skal endre valordninga. Dei har frist til 31. mai i år.

Engasjerte seg for klimaet

27-åringen frå Oslo fortel at ho alltid har vore engasjert, men at det var uroa for klimakrisa som førte til at ho vart aktiv i ein organisasjon. Isene har tidlegare vore generalsekretær i Grøn Ungdom, og hatt ulike verv både der og hjå moderpartiet.

– Det har også ført meg vidare til LNU, fordi eg trur at det å organisere seg er den viktigaste måten å løyse store, globale utfordringar på.

No når ho vert LNU-leiar er det særleg to saker Isene har lyst til å prioritere:

– For det første, så har eg lyst til å jobbe med forteljinga om den unge frivilligheita. Eg vil jobbe med å synleggjere verdien av det vi driv med, og korleis det er til nytte for samfunnet, men også har ein eigenverdi i seg sjølv, forklarar ho.

– For det andre, så er det viktig for meg at LNU er tydelege i retninga om at å møte medlemsorganisasjonane sine behov, vert verande prioritet nummer éin.

Unge veit kva som er lurt

Isa Maline Isene er ikkje i tvil om at det framleis er bruk for ein organisasjon som LNU, som har som mål at barn og unge skal kunne engasjere seg i frivillige og demokratiske fellesskap, og ha innverknad på samfunnet rundt seg.

– Korleis kan ein sikra at meiningane  og problema til ungdom når fram til dei som styrer?

– Dette er jo kjernen i det vi driv med i LNU – nettopp at barn og unge skal verte tekne på alvor, slår Isene fast og held fram:

– Mykje handlar om å ha tillit til at vi sjølv veit kva som er lurt – for oss, og for samfunnet elles. Og så må jo rammevilkåra vere på plass for at det skal vere mogeleg å engasjere seg, det vere seg lokale, frie midlar eller strukturar som involverer barn og unge i avgjersleprosessar.

– Kva er dine personlege hjartesaker?

– Eg er oppteken av demokrati og at så mange som mogeleg skal kjenne til og bruke sitt demokratiske handlingsrom. Det trur eg er nødvendig i møte med dei store utfordringane vi står overfor.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn kor så mange som mogeleg er engasjerte i samfunnet rundt seg!

Skjermdumpar frå Instagram med #digitalskolestreik 24. april 2020. I midten Maja Danielsen Rørvik (18 år), oppe vil venstre: Even Jacobsen (14), til høgre: Markus Frislid (21), nede til venstre: Flora Næss (14) og til høgre: Solveig Skaugvoll Foss (23).

Isa Maline A. Isene

Alder: 27 år

Kvar kjem du frå: St. Hanshaugen i Oslo

Yrke/utdanning: Utdanna museolog. Frikjøpt frå 7. juni som styreleiar i LNU.

Ulike verv du har/hatt: Er vald inn i LNU frå Grøn Ungdom, kor eg var generalsekretær frå 2015-2017. Har også hatt andre ulike verv i Grøn Ungdom og Miljøpartiet Dei Grøne. Ved sidan av partipolitikken har eg hatt verv i ein liten arrangørorganisasjon som heiter OsloFOLK. Også har eg vore styremedlem og nestleiar i LNU, då.

Kva organisasjonar/parti er/har du vore medlem i: Har vore medlem mange stadar, men aktiv først og fremst i partipolitikken og LNU.

Kva gjer du i fritida/hobby: Som mange andre organisasjonsfolk, har eg nok brukt mykje av fritida mi på å sitte i møter! Men ved sidan av det er eg glad i å lese, sitte på kafé og har ei utdanning innan kulturarv som eg framleis er veldig oppteken av.