Vart heidra med online gravferd av Final fantasy-vener etter Covid-19-dødsfall

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ho var ein av oss, og ein veldig kjær ven av oss.

Torsdag 9. april kom oppdateringa inn på Reddit om at Zalera-serveren hadde mista ein av sine spelarar til Covid-19.

Brukaren @Sevengems42 annonserte at det ville bli arrangert eit gravferdsfølgje og ein liten seremoni virtuelt i spelet.

– For mange av oss er nok Final Fantasy XIV ei slags flukt frå verkelegheita i denne tida. Dette er ein hard påminnar. Kondolerer, svara brukaren @Thelmadoo.

30 minuttars prosesjon

Den avdøyde, kjend som Ferne Le’roy på Zalera-serveren og Poppy Rose på Coeurl-serveren var ifølgje inverse.com del av ei lita gruppe spelarar kjend som Free Company (FC).

Dei organiserte det virtuelle gravferdsfølgjet, men minnestunda laurdag 11. april samla fleire hundre spelarar frå alle dei 24 servarane i spelet.

Kledde i svart og med paraplyar gjekk dei oppmøtte i omlag ein halvtime i prosesjon frå Ul’dah, ein av dei største byane i Final Fantasy XIV til eit landemerka kalla the Guardian Tree. Der vart dei ståande og halde minnestund.