Fagforeiningar ber om lærlingløft
Over 4.000 lærlingar er permitterte eller sagd opp på grunn av koronakrisa. Fagforeiningane meiner bedriftene må strekke seg langt for å behalde dei.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg har høyrt om stygge døme der det berre er lærlingar som blir permitterte. Det er på ingen måte greitt, seier Sandra Åberg Kristiansen i EL og IT-forbundet til Klassekampen.
Dei fleste permitterte er innan restaurant og matfag, design og handverk eller frisørfag.
Fellesforbundet peikar på at hovudregelen er at lærlingane er blant dei siste som skal permitterast og mistenkjer at lærlingane i fleire tilfelle har vorte permitterte før dei skulle.
LO foreslår økonomisk insentiv
I eit brev til regjeringa foreslår LO å påskjønne bedriftene som forlenger kontraktane med lærlingar eller tek imot nye. Det statlege tilskotet bør gå direkte til bedriftene og ikkje til opplæringskontora, fordi det gir eit større insentiv for bedriftene til å bidra slik situasjonen er no, meiner LO.
Arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri peikar på at økonomisk støtte ikkje løyser problemet for alle bedrifter, og at det først og fremst er eit spørsmål om det er nok arbeid til å ta inn lærlingar.