Høyskolen Kristiania melder om ein solid vekst i talet på søkarar i år. Det er særleg helsefag og nettstudiar som har auka kraftig.
NPK-NTB
NPK-NTB

Med nærare 11.000 søknader ved søknadsfrist skal talet på søknader ha slått alle tidlegare år, skriv Khrono.

Helsefag har ein vekst på 52 prosent, medan nettstudiar aukar med 106 prosent.

Nye studietilbod

Skulen lanserte i år 19 nye studietilbod der seks av desse var masterprogram. Heile 90 prosent av veksten er knytt til desse nye studietilboda.

Auken svarar til 33 prosent, på masterstudiane åleine 75 prosent, skriv høgskulen i ei pressemelding. Til avdelinga i Bergen er auken på 62 prosent.

Dei offentlege søkjartala for heile landet blir først lagde ut neste veke.

Benedikte Heimli Hovland (15) har søkt på teknikk og industriell produksjon. Her var ho med klassen sin på besøk til Kværner Stord tidlegare i vinter. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker
Oppdatert: fredag 17. april 2020 11.36
ANNONSE