Yrket mitt: Signe (29) er fotograf

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor gav fotograf og odelsjente Signe Fuglesteg Luksengard ut fotoboka Leveld, der ho skildra heimplassen sin. Til Framtida.no snakka ho om dilemmaet om å flytte heim for å drive gard eller bli i byen for å satsa på karriere. 

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Eg forelska meg i fotografiet og klarte ikkje stoppe – til slutt var det ikkje noko anna å gjere enn å gå for det.

– Svarte det til forventningane?

Ja! Yrket tek meg til så mange forskjellige opplevingar eg aldri ville opplevd elles. Eg får møte så mange forskjellige personar og lærer noko nytt heile tida. Det lar meg vere kreativ, styre dagen min sjølv og velje korleis eg skal jobbe. Samstundes er det hardare enn eg trudde, det er mykje arbeid og heile tida ei usikkerheit på framtid og løn.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

Den er enten på kontoret, der eg researchar tema eg skal jobbe med, førebur meg til opptak eller jobbar med etterarbeid – eller det er ute på opptak. Opptaka varierer og kan vere alt mogeleg frå eigne prosjekt til dokumentar for aviser og magasin til kommersielle jobbar.

Signe har teke pressefoto for mange norske artistar, deriblant Cezinando som for alvor slo igjennom med då låten «Håper du har plass» vart brukt i Skam. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

Utdanninga gav meg mykje kunnskap og lærdom om faget, men ikkje så mykje om korleis overleve.

– Kva er det beste med jobben?

Fridomen og kreativiteten.

– Kva er det mest utfordrande?

Usikkerheita når det kjem til løn, framtid og at dei kjekkaste tinga betalar alltid minst.

– Kven passar yrket for?

Dei som verkeleg vil det. Ein må gå 100% for det.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Fotografer det DU likar og det DU vert drege mot, ikkje det du trur andre vil sjå. Følg hjartet.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Eg fekk vere med å dokumentere ein fødsel, det var ein heilt koko og fin oppleving! Akkurat no er eg også med på ein masterclass i foto i Russland. Her skal eg gjere eit eige prosjekt. Å ha eit yrke som kan ta meg hit, kjenner eg meg veldig heldig som kan oppleve.

Høyrest fotograf ut som eit yrke du kan tenkje deg? Viss ikkje kan du lese om korleis det er å vere ambulansearbeidar, meteorolog og journalist her!

Dette biletet i fotoboka Leveld er ein av favorittane til fotografen sjølv. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Signe Fuglesteg Luksengard

Alder: 29

Frå: Leveld i Ål kommune

Yrke: Fotograf

Utdanning: Fotograf frå Norsk fotofagskule og journalist frå Nynorsk mediesenter