Over éin halv million har sett videoen av Erna som gløymer seg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 12. mars: Den anonyme mannen i 30-åra sit heime i stova si ein stad på Sørvestlandet. Då han ser på livesendinga at Erna Solberg rekker ut armen mot direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, veit mannen bak Songar frå nyheitene at dette er noko.

– Ho gjer jo det motsette av det ho har sagt. Ho har stått i ein time og sagt at ein ikkje skal ta på kvarandre, så er dette det første ho gjer. Eg heldt på å dette av stolen og visste med ein gang at det der er ein låt, så henta eg meg ein kopp kaffi og byrja på låten, fortel han oppglødd.

Mannen bak Youtube-kontoen Songar frå nyheitene vil vera anonym av kreative omsyn.

Songar frå nyheitene er i likskap med nyheitene ferskvare og det gjeld å smi medan jarnet er varmt. Etter to kveldar låtskriving og ein kveld med redigering var låten klar for YouTube-lansering.

Til no har nesten 520.000 sett den norske videoen, i tillegg til 42.000 visningar på ein versjon med engelske undertitlar.

Ikkje lenger one hit wonder

Sjølv er skaparen heilt paff over suksessen, som vart skapt på nokre kveldar i koronakarantene etter ein Italia-tur. Han skildrar responsen som «heilt koko».

– Eg trudde eg var eit one hit wonder med Trymmen sin skål og at kveitebrødsdagane var over, så det var kjekt å få ein hit til.

Video-remixen av Øyvind Klementsen sin skål til FNB i Bergen sin førstekandidat Trym Åfløy under valvaka i fjor er sett over 74.000 gongar.

Festen er sett på koronapause

Ifølgje Songar frå nyheitene-skaparen var Klementsen begeistra for songen, noko som har ført til eit musikalsk samarbeid.

Dei to har nemleg vore i studio saman og spelt inn låta Festen er ikkje over, som vert den første eigenproduserte låten Songar frå nyheitene vil sleppe på Spotify.

Ikkje minst sette koronatiltaka ein stoppar for produksjonen av musikkvideoen som skulle lansere låten.

Planen var å laga ei slags kontaktannonse for Klementsen, sidan han og sambuaren gjekk frå kvarandre etter skålesongen, forklarar han.

– Men så vart det Festen er ikkje over. Eg trur han skal heite det, men er litt usikker på stavemåten, forklarar han.

Nynorsk for å sleppe unna med meir

Kanskje vert det bytta ut nokre vokalar og «ikkje» blir til «isje», slik at vert nærare Klementsen si bergensdialekt, som eignar seg godt til musikk.

Mannen bak Songar frå nyheitene hadde nynorsk som hovudmål, men bytta målform på vidaregåande. Då han starta kanalen sin valde han eit nynorsk namn både fordi han syntest det var artig med kontrasten mellom det trauste namnet og innhaldet, men òg at han kunne «kome unna med meir», dersom folk assosierer videoane til ei vestlandsdialekt.

Han fortel likevel at det har vore få sure miner, med unntak av nokre Frp-veljarar.

Erna Solberg har sjølv delt videoen på si Facebook-side.

Enkelt å setje Sylvi på spissen

– Har du nokre favorittar, når det kjem til remix-materiale?

– Eg er jo veldig svak for Sylvi Listhaug, ikkje nødvendigvis fordi eg er einig med ho politisk, men ho er jo ein slags helt/skurk i offentlegheita. Ho er kontroversiell og enkel å setje på spissen, forklarar han.

Er dialekta til Sylvi Listhaug syngjande? Døm sjølv:

I tillegg er dialekta til politikaren lett å få til å funke reint musikalsk, fordi ho har ei syngjande dialekt.

– Alle dialektar som har nynorsk som målform er lettare å få til å synge. Med  austlendingar har eg slite meir med det. Reint teknisk er du avhengig av ei tone i det som vert sagt, austlendingar har meir konsonantar og munnlyd, avsluttar han.

Øvst frå venstre er Instagram-brukaren Auntie Hortensia, under kunsten til Sara Shakeel og til høgre ein viral TikTok-dans. Foto: Instagram/TikTok