Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk folkemuseum ynskjer no å samla inn folk sine historier om livet under koronakrisa. Korleis er kvardagen blitt påvirka? Korleis oppfører du deg? Kva tenker du om tilstanden i samfunnet? Korleis trur du framtida ser ut?

Mange av oss har litt ekstra tid i desse dagar, kanskje kan ein bruka 20 minutt på å skrive ned sine eigne tankar og erfaringar.

Det kan du gjere her.

Bidraga blir eit tidsdokument som hamnar i samlingane til museet.

Barndomsminner, halloween, bunad og klimaendringar

Det er ikkje første gong folkemuseet oppmodar folk til å bidra med sine minner. På minner.no kan ein også skriva om erfaringane med digital fråkoplingditt forhold til bunad, minner om julebukk, korleis du leika i barndomen, korleis du feirer Halloween, forholdet ditt til kofter og kva du tenker om klimaendringane mellom anna. Sjå alt her.

Tanken med minnesida er å samla, ta vare på og formidla ulike mennesker sine erfaringar, kunnskapar og opplevingar.

Du kan sjølv velgje om det du sender inn skal publiserast, eller kun brukast til forsking.