Mot delvis opning av skular og barnehagar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa legg no opp til å opne skulane frå 1. til 4. trinn og barnehagane, men ikkje rett over påske. Ei slik opning vil truleg skje anten måndag 20. eller mest sannsynleg måndag 27. april, etter det NTB forstår.

Det var NRK som først melde at skulane blir verande stengde i dagane rett over påske.

Samtidig siterer Aftenposten frå helseminister Bent Høies (H) talepunkt før pressekonferansen på tysdag. Dokumentet vart laga måndag kveld og ved ein feil sendt til Aftenposten, som ikkje har fått stadfesta at utkastet er endeleg.

– Frå 20. april gjenopnar vi barnehagar. Frå 27. april gjenopnar vi skular 1.–4. trinn, skulefritidsordningar og vidaregåande skular for elevar som skal ut i lære neste skuleår, heiter det.

Få siste koronanytt her!

Hytteforbod for fall

I all hovudsak kjem regjeringa til å vidareføre dei strengaste tiltaka som nokosinne har vore innførte i Noreg i fredstid, etter det NTB forstår.

Hovudgrunngivinga er at tiltaka verkar, i og med at kvar koronasmitta person no i snitt smittar færre enn éin person. Dermed minskar epidemien i omfang.

Samtidig kan det kome signal frå regjeringa om ei oppmyking på enkelte andre område. Det mykje omtala hytteforbodet kan bli lempa på, men neppe allereie no, midt i påskeveka, får NTB opplyst.

Ifølgje notatet Aftenposten gir att, blir hytteforbodet oppheva 20. april.

Regjeringa planlegg samtidig å lette på tiltaka mot bransjar som i praksis har fått yrkesforbod, som frisørar og fysioterapeutar, etter det NTB får opplyst.

Gradvis opning

I notatet Aftenposten omtalar, skal det lagast ein bransjestandard for smittevern, slik at helsefaglege verksemder utanfor spesialisthelsetenesta, som til dømes psykologar, fysioterapeutar og kiropraktorar, kan halde ope frå tidlegast 20. april.

I det same notatet frå måndag kveld kjem det fram at ein tilsvarande bransjestandard skal lagast for andre verksemder med ein-til-ein-kontakt, som frisørar, hudpleie og massasje. Dei kan halde ope frå seinast 27. april, men tidlegast når bransjestandarden er klar.

Forbodet for kultur- og idrettsarrangement som ikkje kan følgje kravet om 2 meters avstand, vil gjelde fram til 15. juni. Det skal då gjerast ei ny vurdering, skriv Aftenposten.

Fasit tysdag

Dei helsefaglege råda har gått i retning av ei litt meir omfattande reversering av dei restriktive tiltaka enn det regjeringa skal ha landa på før pressekonferansen sin om tiltaka tysdag, etter det NTB forstår. Éi årsak til det er at det blir sett på som politisk vanskeleg å lempe på tiltak no, for så å måtte stramme til att seinare.

Framover kjem utviklinga i smittetalet til å vere avgjerande for kva tiltak som blir haldne på og kva for nokre av dei som eventuelt blir lempa på, får NTB opplyst.

Tysdag klokka 16 skal regjeringa informere om kva koronatiltak regjeringa ønskjer å vidareføre i dagane og vekene etter påske.

I tillegg til statsminister Erna Solberg (H) vil kunnskapsminister Guri Melby (V) og helseminister Bent Høie (H) delta på pressekonferansen, der regjeringa skal informere om den vidare handteringa av koronapandemien.

Bjørn Guldvog, direktør i Helsedirektoratet, og Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet, vil òg vere til stades.

Tomine Berge på veg inn i eit digitalt klasserom

Me møtest i eit online klasserom. Alle foto: Tomine Berge