Angstplaga Oscar (20): «Kvifor er eg så roleg når heile landet er i krisemodus?»

Oscar dos Santos Kvalsvik (20)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I januar fekk ein vite om ein mystisk sjukdom som dukka opp i Kina, som skuldast ein ny type koronavirus. Sjukdomen var veldig smittsamt, og snart spreidde det seg kjapt til Italia, som førte til at mange nordmenn på ferie blei smitte.

Då korona kom til Noreg, byrja alvoret.

Snart vart campus stengt, og eg vart send heim til sosial distansering. Mens alt rundt meg gjekk i krisemodus, kjente eg sjølv ei slags paradoksal ro i sjela. Eg byrja å undre: Kvifor er eg så roleg når heile landet er i krisemodus, spesielt når eg slit med ein angstliding?

Kvifor er eg så roleg når heile landet er i krisemodus, spesielt når eg slit med ein angstliding?

Som elev på ungdomsskulen byrja eg å kjenne på perfeksjonismen: at eg ville​ bli best. Eg jobba hardt, og eg nådde mesteparten av tida dei resultata eg ville ha.

Så kom vidaregåande med realiseringa at andre folk jobba mindre enn deg, og får betre karakterar enn deg.

Irrasjonelle tankar byrja å surra rundt, og gjorde åra på vidaregåande ein tarantella-dans på eit golv dekkja av raude roser. Der var torner overalt, og ein frykta alltid at ein skulle tråkke på dei. Å danse på sitt eige tempo var målet eg såg det var nødvendig å øve på, så eg lærte å ta meg tida og fekk tak i hjelpa eg trong då. I dag har eg ei klarare logisk stemme som seier når eg burde ta eit par steg bak, for mi eiga skuld, men eg slit fortsatt med dei irrasjonelle tankane.

Så kvifor har ikkje dansen min byrja, når alle rundt meg svettar ut sin eigen angst om pandemien?

Som ein dissonans av kjenningsmelodien til Skal vi danse?, kjende eg at angsten planla sitt store comeback, og ironisk nok var eg uroleg for dette. Eg starta ulike tiltak på timeplanen og i kvardagen min for å unngå ein tur på parketten, men eg kjende klumpen i halsen tydelegare kvar gong eg vakna.

Men det uventa var at då eg forventa sirenene til å gå i hovudet, vart det merkeleg nok stille. Ja, ein pasient var coronasmitta i Noreg. Ja, no er alt på veg til å bli stengt. Ja, det går utover utdanninga mi og helsa mi. Men fortsatt, ingenting.

Den mektige tarantella-dansen eg hadde førebudd meg slik på, kom aldri. Eg vart forlatt på dansegolvet og blei utruleg takknemleg for det. Eg byrja å undre.

Kanskje er eg roleg fordi eg har opplevd sirenene gå altfor ofte oppe i mitt eige hovud, at når dei gjekk for alle andre, var eg så van med krisemaksimeringa at dette var atter ein vanleg dag.

Når alle er tvinga i ein situasjon dei ikkje har kontroll over, har det vakna eit kollektivt ubehag blant oss som er uforklarleg vekke hos meg. Kanskje er det fordi eg som psykisk sjuk har fått hjelpa eg treng for angsten, og tek daglege medisinar (lukkepillane mine, som eg kallar dei) for å halde hjernekjemien i sjakk.

Men det uventa var at då eg forventa sirenene til å gå i hovudet, vart det merkeleg nok stille

Eg har høyrt ein kan bli gal av brakkesjuke, men som introvert må eg nok seie meg ueinig i det. Kanskje er det fordi eg har jobba med å handtere slike «kriser» i hovudet, at no er kanskje naturleg for meg å reagere med rasjonelle tankar og ro, i staden for panikk, flyttemeldingar til hyttekommunar og hamstring av dopapir. Du veit, sånne normale ting å gjere når alt går til helvete.

Eg trur ein må rett og slete stole på at helsevesenet tek kontroll over situasjonen, og at eg gjer mitt – bli heime og vente det ut. Kva anna kan eg gjere? Skrike til veggane?

Eg skulle ynskje eg sjølv kunne gjere meir enn å site heime, men det arbeidet let eg helsepersonell, statsrådar og mange fleire styre med.

Sjølv om eg overraskande nok er relativt roleg under den nasjonale krisa vi finn oss i, er det viktig for meg å understreke at eg er óg varsam. Forsking og observasjon viser at det nye viruset kan råke alle. Med pasientar så unge som eg i respirator fordi dei har astma, er det viktig å ta sjukdomen seriøst.

Det er ekstraordinære tider, og med det må vi til med ekstraordinære tiltak. Vaske hendene våre oftare, halde oss innandørs så mykje som råd, og for alt det heilage i verda – halda éin meter unna folk. Om ikkje for deg sjølv, gjer det for andre.

Saman er vi, kvar for oss.

Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Student Karoline Skarstein merkar koronakrisa på psyken og etterlyser strengare tiltak. Foto: Renate Wiik