Har norsk kultur blitt støytande?
Skulegudstenester er ikkje problemet. Berøringsangsten er, skriv Kitty Theobald Gjerland (18), nestleiar for Agder Unge Høgre.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Kvar førjulstid kjem den same kritikken frå Humanistisk Ungdom. Skulegudstenester skaper utanforskap. Skulen må vera nøytral. Elevar kan bli utsette for religion mot sin vilje. Argumenta blir gjentekne kvart år, som om tradisjonar og norsk kulturarv har vorte eit minefelt.
Tvangsrekruttering
For det går ikkje an å forstå Noreg utan å sjå korleis kristendommen har sett spor. Kalenderen følgjer kyrkjeåret. Mange ord og uttrykk me bruker dagleg stammar frå bibelen. Høgtidene gjer det same.
Same kva ein meiner eller trur, finst det knapt eit hjørne av Noreg som ikkje ber spor av kristendommen. Å underslå dette faktumet gjer ikkje skulen meir inkluderande. Det gjer undervisninga dårlegare.
Likevel blir skulegudstenester beskrivne som ei form for tvangsrekruttering til kristen tru.
Ingen logikk i å riva det ned
Det er vanskeleg å ta på alvor. Tilbodet er frivillig. Elevar som ikkje ønskjer å delta får eit anna opplegg, noko som skulane handterer heilt fint.
At nokon likevel vil fjerne heile tilbodet, handlar verken om skade eller tvang. Det handlar om at enkelte vil sleppa å forhalda seg til tradisjonar dei sjølv ikkje identifiserer seg med.
Men ein offentleg skule kan ikkje byggjast på kva som passar kvar enkelt elev. Me avlyser ikkje leirskulen fordi nokon ikkje vil overnatta. Me droppar ikkje skuleavslutninga fordi enkelte får sceneskrekk. Eit frivillig opplegg held fram med å vera frivillig. Det er ingen logikk i å riva det ned for alle andre.
Forståing bør ikkje vere frivillig
Eg trur ikkje nokon blir meir tolerante, opplyste eller opne av at skulen skjuler tradisjonar som har vore ein del av norsk historie i over tusen år.
Ingen blir kristne av å høyra «Fager er jordi» på ein 30-minutts skulegudsteneste, men ein blir gjerne litt mindre historielaus. Det burde telja for noko.
Deltaking kan vera frivillig. Forståing bør ikkje vera det.






