Verdas mektigaste mann?
Frå eit fattig U-land på midten av 1900-talet har Xi gjort Kina til den stormakta landet tradisjonelt har vore, med stor politisk, økonomisk og militær påverknad på andre land, skriv Eirik Nødtvedt (18).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Teksta er eitt av bidraga som får heiderleg omtale i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett «Noreg i verda».
Xi Jinping har hatt ei lang fartstid i kinesisk politikk og vart i 2012 utnemnt til generalsekretær i partiet. Posisjonen som leiaren av verdas nest mest folkerike land vart konsolidert i 2013 då han også vart valt til president. Xi har lansert konseptet «Den kinesiske draumen», som både tar sikte på å få kinesarar ut av fattigdom, men også at landet skal bli ei militær, politisk og økonomisk supermakt. Kinesisk kontroll over verda fører til ein ny verdsorden som ikkje tar omsyn til menneskerettar og demokrati, noko som kan utfordre Noreg sin samfunnsmodell og på sikt utgjere ein trugsel for oss. Vil det neste århundret tilhøyre Kina og Xi Jinping?
Mykje tyder på nettopp dette. Sjølv om Xi er over 70 år kan han vere ein maktfaktor i verda i lang tid framover. Blant anna fordi Xi har fjerna sperra som gjer at generalsekretæren i partiet berre kan sitte to periodar. Noko som gjer han til den lengstsittande kinesiske leiaren sidan Mao Zedong. Men sjølv utan demokratiske val kan han miste posisjonen sin. Derfor har generalsekretæren i løpet av den siste perioden luka ut potensielle utfordrarar gjennom «korrupsjonsskandalar» og trugslar, slik at han i utgangspunktet kan vere leiar i all overskodeleg framtid. Berre i år har ei rekke med militærtoppar fått fyken. Dette skjer også samstundes som Kina intensiverer overvaking av innbyggarar og undertrykkinga av minoritetar.
Dessutan er Kina eit av verdas mektigaste land, med den nest største økonomien og verdas største marine. Kombinert med eit aukande atomvåpenarsenal og tilnærma monopol på foredling av sjeldne jordartar har Kina mykje hard makt. Derfor kan landet i ein krig eller konflikt utgjere ein trugsel mot sine naboar. Men under Xi har landet også satsa mykje på diplomati og påverkingsoperasjonar, til dømes gjennom bistand, slik at landet kan skaffe seg støtte og godvilje frå utviklingsland. Xi har derfor mykje påverknadskraft og få kontrollorgan å forhalde seg til.
Under Xi har Kina prøvd å posisjonere seg som eit pragmatisk og stabilt alternativ til USA og vesten, der ein ikkje blandar seg inn i interne forhold som demokrati, menneskerettar eller korrupsjon. Samarbeidsorganisasjonen BRICS manifesterer desse interessene. Dette er ein samarbeidsorganisasjon mellom Brasil, Russland, Iran, Kina og Sør Afrika som tar sikte på å motverke vestleg dominans og skape ein multipolar verd.
Kritiske ytringar om både innanriks og utanriks kan få konsekvensar for nasjonar rundt omkring i verda. Noreg vart til dømes plassert i den såkalla kinesiske «fryseboksen» etter fredsprisutdelinga til menneskerettsforkjemparen Liu Xiaobo i 2010. Dette førte til årevis med spente relasjonar og hindringar i handelen med Noreg før ein normaliseringsavtale kom på plass i 2016. Avtalen beklaga langt på veg for prisen i 2010 og slo fast at Noreg ikkje burde blande seg inn i kinesiske sivile rettar. Litt av det same ser ein også rundt situasjonen til uigurane i Xinjiang der verdssamfunnet i stor grad reagerer med ulne utsegner og ingen sanksjonar. Til dømes var ikkje dette eit tema då Keir Starmer var på statsbesøk i januar i år. Sjølv om opptil ein million uigurar var plasserte i interneringsleirar mellom 2014 og 2019, der både tvangsarbeid, indoktrinering, tvangssterilisering og tortur var daglegdags, har Kina vorte for viktig til å kritiserast.
Måten Xi og Kina forvaltar politikken sin på, bør også vere tankevekkande for Europa og USA. Samstundes som USA kuttar ut klimaforsking og grøn energi, aukar Kina innsatsen. I dag er kinesiske elbilar både eit bra og billeg alternativ til europeiske, noko som svekker europeisk industri og konkurransekraft og har ført til straffetoll mot kinesiske elbilar. Dessutan skjer mykje av fornybarveksten i verda også i Kina. Noko som gjev landet mykje kunnskap og ekspertise som er verktøy i ein eventuell konflikt.
Frå eit fattig U-land på midten av 1900-talet har Xi gjort Kina til den stormakta landet tradisjonelt har vore, med stor politisk, økonomisk og militær påverknad på andre land. For å rettferdiggjere politikkens sin viser Xi ofte til den hundre år lange nasjonale audmjukinga frå opiumskrigane på 1840-talet fram til slutten av andre verdskrigen. Dette nasjonale traumet kan også vere ein del av forklaringa på Xi si autoritære styreform, fordi ein legg til grunn at ytre og indre press igjen kan gjere Kina sårbart for ytre påverknad.
Men dette hindrar ikkje landet i å legge press på andre, noko som kan og har ført til negative konsekvensar frå europeiske land og Noreg. Difor meiner eg Noreg og EU burde samarbeide tettare om handel, forsvar, toll og sanksjonar. Slik at denne blokka saman kan danne ei motvekt som står opp for menneskerettar og demokrati.
Men ein ting er som skrive i stein, Xi og Kina vil kome til å sitte med ei hand på rattet i lang tid framover.






