Klima og miljø

«Noreg bør jobba for at klimafordrivne får rett til vern»

Som eitt av dei rikaste landa i verda, med svære historiske klimagassutslepp, har Noreg eit særskilt ansvar for å bidra både politisk og økonomisk for klimafordrivne, skriv Solidaritetsungdommen.

Maria Louise Hundeide Godoy (21)
Leiar i Norsk Folkehjelp – Solidaritetsungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Klimakrisa har ikkje vorte mindre truande, sjølv om me snakkar mindre om ho. Me styrer mot katastrofe, og må ta grep no.

Det har aldri før vore så mange på flukt i verda som no, og fleire skal det bli. Stadig fleire flyktar frå ekstremvêr, havnivåstigning og tørke. Områda som blir ramma hardast, er ofte fattige og konfliktprega. Verdsbanken anslår at det innan 2050 vil vera 140 millionar klimafordrivne – som kjem i tillegg til alle andre på flukt.

Samtidig manglar klimafordrivne, også kalla klimaflyktningar, juridisk status og rettar, både i Noreg og internasjonalt. Det betyr at dei ikkje har krav på vern.

Som eitt av dei rikaste landa i verda, med svære historiske klimagassutslepp, har Noreg eit særskilt ansvar for å bidra både politisk og økonomisk for klimafordrivne, men korleis?

Treng menneskerettar

Løysingane for klimafordrivne ligg på fleire nivå. Noreg bør anerkjenna klimafordrivne som ei eiga gruppe flyktningar med rett til vern. Me bør inkludera vern av klimafordrivne i norsk asyllovgiving og oppmoda andre europeiske land til å gjera det same.

I verdssamanheng bør Noreg jobba målretta i FN for at klimafordrivne får ein juridisk status som gir rett til vern. Med juridisk status, blir det enklare å inkludera klimafordrivne i humanitær bistand og statleg flyktningpolitikk.

Auka klimainvesteringar

Rota til problemet, nemleg menneskeskapte klimaendringar, treng tiltak no. Noreg bør auka klimainvesteringar, utan at det går utover annan bistand. Me bør samarbeida med landa som opplever dei største klimaendringane og allereie handterer store grupper internt fordrivne, for å støtta dei tiltaka som faktisk fungerer.

Me treng ein langsiktig klima- og flyktningpolitikk. Noreg må ta ansvar, og ikkje utsetja dette til me står i ei endå større flyktningkrise enn i dag.

Signert av:

Fawzi Warsame, leiar for internasjonalt utval i AUF

Audun Hammer Hovda, leiar i Sosialistisk Ungdom

Ahmed Al-Saedi, internasjonalt ansvarleg i Raud Ungdom

Tobias Stokkeland, leiar i Grøn Ungdom

Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom

Marte Hansen Haugan, leiar i Changemaker

Rebecca A Brennen, Leder i Ungdommens Rettighetsorgan (URO)

Marius Sjølyst, Press