Dette gjev deg lyst til å vaske hendene
På sosiale medium går det sport i å oppmode folk til ein skikkeleg handvask mot koronaviruset Covid-19.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For å forebyggja smitte av koronaviruset Covid-19 er det eitt tiltak som er både enkelt og effektivt: «Vask de henda», som det heiter i Lano-reklamen.
Ein grundig handvask er faktisk meir effektivt enn antibac, som er mangelvare i desse tider. No gjer kunstnarar på Instagram ein innsats for å opplysa.
På Instagram har emneknaggen #washyourhands over 186.000 innlegg.
Den pakistanske kunstnaren Sara Shakeel har gjort glitrande kollasjar til sitt varemerke og hennar oppmoding om å vaske henda har gått verda rundt.
Ho har også eit anna råd, som kan vere lurt å følgja:
Ein kakekunstnar har skrive bodskapen på ei kake, som du sjølvsagt ikkje skal røre:
Denne animasjonen frå kunstnaren Hayden Zezula er ikkje for dei germofobe:
Og Auntie Hortense, som ifølgje seg sjølv er katolsk, vegansk, pasifist og morosam oppmodar folk til å veske henda i 20 sekund medan dei ber Fadervår:
Countryartistane i LoCash har vore kreative med promoteringa av si nyaste låt. Her kan du lære deg å vaske henda til countrymusikk:
Og Norsk Målungdom oppmodar deg til å syngja Nordmannen, med tekst av Ivar Aasen:
Eller kva med å ta eit skikkeleg krafttak mot korona til Gloria Gaynor sin discoklassikar I will survive?
There’s washing your hands and then there’s washing your hands while you’re Gloria Gaynor singing “I Will Survive”. ?#coronapocalypse #QuarantineAndChill #fridayfeeling pic.twitter.com/wXj7a1j8V8
— Holly Figueroa O’Reilly (@AynRandPaulRyan) March 13, 2020
Helsedepartementet på Filippinene har teke i bruk TikTok og fleire andre kanalar for å spreie denne handvaskdansen:
DOH IS OFFICIALLY ON TIKTOK!?
Learn protective measures against COVID-19 in this TikTok video! Join the #covidance challenge!
Follow DOH’s official tiktok account at ID:dohgovph ? pic.twitter.com/YKjoD4RONc
— Department of Health (@DOHgovph) March 5, 2020
Og på TikTok er gullkorna uendelege, som handvaskdansen Ghen Cô Vy koreografert av den vietnamesiske dansaren Quang Dang:
@im.quangdangCùng nâng cao và bảo vệ sức khỏe bằng cách lan tỏa ##vudieuruatay Bạn sẵn sàng tham gia cùng Đăng chứ? ? ##quangdang ##tiktokvietnam♬ Ghen Cô Vy (Vũ Điệu Rửa Tay) – Khắc Hưng, MIN, ERIK
Dansen, som har over 2 millionar visningar, har blitt ein challenge på TikTok og finnast i eit utal variantar. Her er ein av dei søtaste:
@lanlanpet##dúi ##idolgioitre♬ Ghen Cô Vy (Vũ Điệu Rửa Tay) – Khắc Hưng, MIN, ERIK
Så der er i alle fall noko du kan fordrive tida di med.