Klipp frå 2000-talsserie går viralt – viser kor fort smitte spreier seg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I desse dager skal vi alle halde større avstand til kvarandre enn vanleg for å hindre spreiing av Covid-19.

No har eit 14 år gammal klipp frå serien Scrubs fått nytt liv, fordi det syner kor fort smitte kan spreie seg dersom ein ikkje er merksam på det.

Sjå klippet her:

– Større innverknad enn noko eg har sagt

Komiserien Scrubs følgde arbeidskvardagen til ei rekkje nyutdanna legar på det fiktive sjukehuset Sacred Heart. Klippet er frå den femte sesongen i serien, og vart sendt i 2006.

Klippet vart delt på Twitter søndag, og har sidan då vorte re-tweeta over 24 000 gongar, og likt over 40 000 gongar.

Både serieskapar Bill Lawrence og hovudrolleinnehavar Zach Braff har delt vidare videoen til følgjarane sine.

Fleire hyllar no serien for å illustrere på enkelt vis kor lite som skal til før sjukdom spreier seg:

– Eg viste dette til barna mine, og eg trur det hadde større innverknad enn noko anna eg har sagt, skriv Twitter-brukar Sarah Baber.

Sosial distansering

Folkehelseinstituttet presiserte måndag at alle skal halde større avstand til kvarandre enn ein normalt gjer. Det er no teke i bruk tre ulike nivå av sosial distansering i samfunnet.

Di større smittefare du utgjer, di strengare tiltak:

  • Dei som har fått påvist smitte skal vere isolerte.
  • Dei som kan vere smitta, men ikkje er sjuke, er i karantene.
  • Om du ikkje er sjuk eller smitta, så skal du framleis halde avstand.

Folkhelseinstituttet seier du skal halde avstand til andre, både på jobb, ute og andre stadar du oppheld deg. Du skal unngå handhelsing, kyssing og klemming, og avgrense talet personar du har nær kontakt med og får besøk av.

Om du er i karantene skal du halde deg heime, men dersom du må gå ut, så skal du halde 1 til 2 meters avstand til andre. Om du er smitta og isolert, så skal du halde 2 meters avstand til andre du bur saman med.